Atrechtunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Atrechtunionen (Arras) (gult) og Utrechtuninoen (lys blått) (1579)

Atrechtunionen (fransk Arras) var ein union mellom Dei sørlege Nederlanda, grevskapet Hainaut, Artois, Lille, Douai og Orchies som vart underskrive 6. januar 1579. I denne unionen erklærte dei lojalitet til den spanske kongen Filip II og Don Juan de Austria som var statthaldaren hans. I dag ligg Artois i Frankrike, Lille delvis i Frankrike, Hainaut ligg i Belgia og dei franske departementa Oise og Nord.

Andre regionar som var for unionen, men som ikkje skreiv under avtalen, var Namur, Luxembourg og Grevskapet Limburg. På 1500-talet kom belgisk Limburg under fyrstbispedømmet Liège, medan det historiske området Limburg berre var ein mindre del av dagens nederlandske Limburg. Hertugen av Parma, Alexander Farnese, byrja kampen sin mot separatistane (medlemmer av Utrechtunionen) i dette området. I Wallonia låg dessutan òg to kalvinistiske «enklavar», Tournai og Valenciennes, som måtte overvinnast innan området kunne leggast heilt under spansk kontroll.

I avtalen var dei følgjande punkta nedfelt:

  • Ingen utanlandske troppar skulle ha garnisonar i området.
  • Statsrådet skulle settast opp på same måte som på Karl V si tid.
  • To tredjedelar av statsrådet sine medlemmer skulle bestå av representantar frå alle medlemsstatane.
  • Alle privilegia som områda hadde før åttiårskrigen skulle gjeninnførast.
  • Katolisismen var den einaste religionen. Alle andre religionar (til dømes kalvinismen) skulle avskaffast.

Det siste punktet gjorde det umogeleg for Dei nordlege Nederlanda å skrive under på avtalen. Desse områda var først og fremst under påverknad av protestantismen (kalvinisme), og deira motreaksjon var å inngå Utrechtunionen 23. januar 1579.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]