Valenciennes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valenciennes
Rådhuset i Valenciennes
Rådhuset i Valenciennes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nord-Pas-de-Calais
Nord
Geografi
Flatevidd
 - By

13,84 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

41 278
  2 983/km²
399 677
Koordinatar 50°22′″N 03°32′″EKoordinatar: 50°22′″N 03°32′″E
Høgd over havet 42 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 59300
Heimeside: www.ville-valenciennes.fr
Plassering
Valenciennes-Position.png

Valenciennes (nederlandsk: Valencijn) er ein by og kommune nord i Frankrike. Han er sous-préfecture (administrasjonssenter) i departementet Nord i regionen Nord-Pas-de-Calais, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Storbyområdet hadde 399 677 innbyggjarar i 1999.

History[endre | endre wikiteksten]

Valenciennes vart først nemnd i 693 i eit lovdokument skrive av Klodvig II. På 800-talet vart området erobra av normannarar. Då Frankarriket vart oppretta byrja byen å utvikle seg. I 1008 førte matmangel til byllepest.

1300-talet vart tårnet I Dodenne bygd. På 1400-talet vart hertugdømet Hainsault, som Valenciennes var ein del av, ein del av Burgund. I 1524 kom Karl V av Det tysk-romerske riket til Valenciennes. Med produksjon av ull og fin lin klarte byen seg økonomisk på eiga hand.

Rundt 1560 vart Valenciennes eit tidleg senter for calvinisme. I 1562 oppstod dei første motstandsrørslene mot religiøs forfølging i Nederland, då ei gruppe protestantar vart dømd til brenning på bålet. I 1580 vart byen erobra av Alexander Farnese og protestantismen vart fjerna.

Med Nijmegen-traktaten tok Frankrike kontroll over Valenciennes i 1678 og dei sørlege områda av Hainault. Kort tid etter vitja Vauban byen for å lage festningsverk her.

Byen vart omleira i 1793 under Napoleonkrigane.