Auguste Rodin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Auguste Rodin
Tenkjaren
Helene von Nostitz

Auguste Rodin (12. november 184017. november 1917) blir rekna som ein av Frankrikes fremste representantar for realistisk skulptur.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Auguste Rodin vart fødd i Paris 1840, og voks opp i arbeidarklassa. Han var det andre barnet til Jean-Baptiste Rodin og Marie Cheffer. Han var sky og svært nærsynt, noko som var eit hinder for han seinare i det akademiske arbeidet hans. Det første Rodin for alvor interesserte seg for, var teikning, og som 10-åring tok han sine første teiknetimar.

I 1851, då han var 11 år gamle, vart han send av faren sin til onkelen sin kostskole. Han vart der i tre år, men då han kom heim hadde han framleis vanskeleg for å lese og skrive. Som 14-åring kom han inn ved ein spesialskole for teikning i Paris. Han jobba mykje, og det var på denne tida han byrja å oppdage skulptøryrket, og forstod at det var det han ville. Derfor gjekk han mykje i muser for å titte på antikke statuar. Etter kunstskolen søkte han kunstakademiet, men fekk avslag tre gonger.

For å hjelpe familien sin økonomisk, byrja han i 1858 å jobbe med dekorativ kunst. Derfor måtte han jobbe på dagtid for å forsørgje familien, mens han jobba om natta for å fullføre si eiga personlege kunstnariske utvikling.

Då systera hans døydde brått i 1862 bestemde Rodin seg for å bli katolikk og munk. Fader Pierre-Julien Eymard, som var katolsk prest (og som seinare vart heilagkåra), såg at munkelivet ikkje var noko for Rodin. For å få han ut av depresjonane etter systera sin død oppmuntra Eymard han til å teikne og lage skulpturar. Forslaget fekk gehør og Rodin gjekk ut av munkelivet for å bli skulptør.

For å kunne fortsetje å livnære seg som dekorativ skulptør bestemde Rodin seg for å leige ein arbeidsverkstad. Verkstaden var liten og kaldt, men passa måteleg greitt for Rodin.

I fritida byrja han å arbeide med ein portrettbyste av fader Eymard. Han bestemde seg for å levere bysten på den årlege utstillinga i Paris Salon, der kunstnarar kunne vise og selje verka sine. Utstillinga var stor, og gjorde ein suksess kunne ein bli kjent over heile landet.

«Mannen med den brotne nasen»[endre | endre wikiteksten]

For første gong leigde Rodin ein person til å stå modell for han. Altmoglegmannen Bibi frå nabolaget var ikkje profesjonell. Bibi hadde ein broten nase, og Rodin likte å lage statuar så realistiske som mogeleg. Slik vart portrettbysten «Mannen med den brotne nasen» til. Rodin sende bysten til den årlege Paris Salon-utstillinga, men bysten vart refuserte to gonger. Likevel såg han på den som sitt første hovudarbeid. I løpet av denne tida møtte han kompanjongen sin, kvinna han skulle leve med, nemleg Rose Beurot, men han gifte seg ikkje med henne før i 1917, berre nokre månader før dei begge døydde. I 1866 fekk dei ein son saman.

30 år gammal var Rodin nøydd å gå inn i garden på grunn av den fransk-prøyssiske krigen som starta i 1870. Heldigvis for Rodin vart han raskt dimittert på grunn av nærsyntheita si. Då Rodin kom heim frå felten hadde han ikkje arbeid, men han fekk snart arbeid hos den store kommersielle skulptøren Albert-Ernest Carrier-Belluse, som han hadde arbeidd hos til og frå i mange år.

Rodin og Carrier Belluse fekk eit oppdrag i Brussel med å dekorere ein stor bygning. Han måtte reise frå Rose og sonen deira for å bli der i 6 år. Her fekk han mykje inspirasjon, hadde ein kreativ periode, og heldt si første utstilling, noko som markerte debuten hans som uavhengig skulptør.

Reisa til Italia[endre | endre wikiteksten]

I 1875 reiste han til Italia. Her fekk han inspirasjon til å lage fleire statuar til Paris Salon, og særleg statuane av Michelangelo gjorde sterkt inntrykk og påverka ein stor del av arbeidet hans vidare. Etter reisa leigde han ein belgisk soldat som nakenmodell. Statuane han laga på denne tida viser at han var inspirert av turen til Italia. Likevel var statuane hans meir realistiske enn greske og italienske skulpturar som overdreiv muskulaturen. Den første skulpturen han viste av denne typen i Brüssel var «The Vanquished». Kritikarane mislikte realismen til skulpturen, nokre trudde til og med at han hadde teke avstøyping av ein levande modell. Det kunne ikkje vere mogeleg for eit menneske å lage ein så realistisk skulptur!

All merksemda han fekk av denne utstillinga gjorde han svært populær. Når han reiste tilbake igjen til Paris i 1877, stilte han ut den same statuen i Paris Salon. No hadde han skifta namn på statuen til «Bronsealderen». Kritikarane meinte at statuen var vakker, men stadig for realistisk.

For å spe på inntektene sine byrja Rodin på Sèvres porselensfabrikk. Inntekta var lita. Han tok imot alle oppdrag som skulptøryrket kunne gje. På denne tida laga han ein av dei mest kjende statuane sine, nemleg «Døyparen Johannes» (nr. 3). På grunn av kritikken han hadde fått, laga han den proposjonelt større enn eit menneske. På denne måten kunne dei ikkje tru at han hadde teke avstøyping av ein modell. Likevel var statuen realistisk, forutan overdriven muskulatur.

«Helvetesporten»[endre | endre wikiteksten]

Rodin fekk i oppdrag av den franske kunstministeren å lage det første store folkeprosjektet sitt, å lage ein inngangsportal for eit kunstmuseum som skulle byggjast i Paris - «Helvetesporten».

Handlinga på denne porten er henta frå Dantes reise i underverda. Rodin likte Dantes forteljingar svært godt. Fleire av dei mest berømte skulpturane hans som «Tenkjaren», «Kysset» og «Dei Tre Skuggene» kjem frå Helvetesporten. Desse figurane laga han òg uavhengig av «Helvetesporten», og i ulikt format. Mange av statuane vart laga i forskjellige variantar, og slik jobba han spesielt mykje med «Tenkjaren». Han kunne lage same statue av forskjellig materiale. For eksempel laga han «Kysset» både i marmor og bronse. På slutten av 1880-talet kom det fram at museet aldri kunne bli bygt. Likevel fortset Rodin periodevis med dette, fram til han døyr.

Igjennom 1880-åra vart han stadig meir populær, spesielt blant rikfolk, noko som førte til at han fekk mange oppdrag som gjaldt portrettbystar. Ettersom han fekk så mange oppdrag, fekk han fleire menneske til å jobbe for seg, noko folk var ein smule skeptiske til.

På denne tida trefte han 19 år gamle Camille Claudel, som han vart svært fascinert av. Camille hadde talent og eit ønske om å bli skulptør. Sjølv om Rodin framleis var saman med Rose Beauret fekk han sterke kjensler for henne, og ho vart studenten, modellen, elskarinna og samarbeidspartnaren hans. Men Rodin forlét aldri Beauret. Likevel laga Rodin mange statuar av henne, samt, forståeleg nok på denne tida, av forelska par.

«Borgarane i Calais»[endre | endre wikiteksten]

I 1884 fekk Rodin ei stor oppgåve. Han skulle lage eit monument til byen Calais i Frankrike. Bakgrunnen for dette monumentet skulle hentast frå ei dramatisk hending i 1387, mens hundreårskrigen enno raste. Calais ville ha eit monument til 500-årsmarkeringa, der seks leiande innbyggjarar som redda byen sin frå undergang skulle vere avbilda på monumentet. Han brukte fire år på oppgåva, og vart ferdig i 1888. Monumentet fekk tittelen «Borgarane i Calais».

Han sysla òg med eit anna stort oppdrag: «Monumentet av Honore De Balzac», som var bestilte av rikfolk i byen. Han hadde eit fotografi å arbeide ut frå, fordi Balzac hadde vore død i 40 år. Når han var ferdig, presenterte han ein ni fot høg statue, som vart møtt med sjokk og mistru. Sidan publikum ikkje var fornøgt, vart honoraret refundert. Rodin vart såra av kritikken. Han var godt nøgd med statuen.

Verdsutstilling[endre | endre wikiteksten]

Ved hundreårsskiftet var Rodin på toppen av suksessen sin, og no betalte folk han godt for arbeida. Rikfolk roste arbeida hans, og gav han ei eiga avdeling på Verdsutstillinga i Paris. Her kom menneske frå heile verda. Dette gjorde han til ein internasjonalt kjend kunstnar. På denne tida fullførte han mange prosjekt, og når han var som travlast, hadde han heile 50 personar som arbeidde for seg. Det raste ein del spekulasjonar på grunn av alle assistentane. Folk lurte på kva han gjorde sjølv. På denne tida studerte han dans. Han laga mange skulpturar i spontane rørsler.

I 1908 flytte Rodin ut av Paris, til Hotell Biron. Leiga var låg så han leigde heile første etasje. Andre kjende personar som Henri Matisse heldt òg til her. 1912 overtok staten hotellet, og alle forlét det, bortsett frå Rodin. Rodin hadde inngått ein avtale med staten om at når han døydde skulle staten få arbeida hans, og gjere hotellet om til eit museum der verka hans skulle vere. Til gjengjeld skulle Rodin få lov til å bu der heilt til han døydde. Muséet finst den dagen i dag, og heiter Musee Rodin.

Den 29. januar 1917 vart Rose Beauret og Rodin endeleg gift. Beauret døydde berre tre veker etter bryllaupet. Rodin døydde 17. november same året. Med det døydde ein av Frankrike sine største kunstnarar gjennom tidene.

Verka[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Auguste Rodin