Frits Thaulow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frits Thaulow i arbeid
Fra Lysaker

Frits Thaulow, fullt namn Johan Fredrik Thaulow, (20. oktober 18475. november 1906) var ein norsk målar. Internasjonalt var han ein av dei mest kjende norske 1800-talskunstnarane.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thaulow var fødd i Kristiania. Åra 1870-72 gjekk han på kunstakademiet i København, deretter var frå 1873 til -75 elev av Hans Gude i Karlsruhe. Dei følgjande åra budde han for det meste i Paris, der han tok avgjerande inntrykk frå dei franske impresjonistane.

I 1880 vende Thaulow tilbake til Noreg som overbevist naturalist. Saman med Christian Krohg og Erik Werenskiold vart han ein av leiarane i striden som dei unge kunstnarane førte for eit romslegare norsk kunstmiljø. Thaulow var mellom anna med på å etablere den første Høstutstillingen i 1882.

I 1892 slo han seg ned i Frankrike, og han besøkte USA i 1898. Frå same året busette han seg i Paris, der han vart ein kjend figur. Han vann internasjonalt ry, mellom anna gjennom å få verk utstilt på den prestisjetunge Parissalongen.

Mange av Thaulows mest kjente norske motiv er fra Åsgårdstrand, der ein sentral plass er oppkalla etter han.

Thaulow vart tildelt ei rad norske og utanlandske ordenar for målarkunsten sin.[1] Han vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, i 1905 forfremja til kommandør av 2. klasse «for fortjenstfuld Kunstnervirksomhed». Vidare var han offiser av den franske Æreslegionen, den italienske Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden og av den tunisiske Iftikhar-ordenen.

Han døydde under eit opphald i Volendam i Nederland.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frits Thaulow

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 116.