Isadora Duncan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Isadora Duncan
Isadora Duncan opptrer barføtt.

Isadora Duncan (27. mai 187714. september 1927) var ein amerikansk dansar, rekna som ein av skaparane av moderne dans. Duncan var lite kjend i USA bortsett frå i New York, men blei svært populær i Europa.

Isadora Duncan var fødd som Angela Duncan i San Francisco. Ho var den yngste av dei fire barna til bankmannen, ingeniøren og kunstkjennaren Joseph Charles Duncan (1819–1898) og Mary Isadora Gray (1849–1922), ei dotter av statssenatoren Thomas Gray. Foreldra skilde seg i 1880, og mora flytta med barna til Oakland, der ho livnærte seg som musikklærar.

Duncan blei medlem av teaterkompaniet til Augustin Daly i New York i 1895. She soon became disillusioned with the form. I 1899 forlét ho kompaniet og flytta til Europa, først til London og eit år seinare til Paris.

I løpet av dei neste to åra blei Duncan vidkjend for si nye danseform som la vekt på improvisasjon, kjensler og menneskekroppen og forkasta dei «stygge og unaturlege» rørslene i klassisk ballett. Ho fekk mange tilhengjarar og opna ein skule i Grunewald ved Berlin for å læra vekk sin moderne dans. Elevane hennar her blei kalla «Isadorables». Ho adopterte seks av dei, som alle fekk etternamnet Duncan. Tre av dei, Irma, Anna og Maria Theresa fortsette å dansa og undervisa i USA i fleire år.

I 1916 reiste Duncan til Brasil der ho hadde opptredenar i Rio de Janeiro og São Paulo. I 1922, inspirert av den russiske revolusjonen, busette ho seg i Moskva. Her grunnla ho endå ein skule, men vanskelege levekår og mangel på arbeid gjorde at ho vende attende til vesten to år etter.

Duncan blei kjend for eit skandaleprega privatliv. Ho fekk to barn, Deirdre (f. 1906) og Patrick (f. 1910) utanfor ekteskap. Begge barna døydde i 1913 då bilen dei sat i ved eit uhell rulla ut i Seinen. Duncan prøvde koma seg etter sorga gjennom opphald på Kérkyra (Korfu) med syskena sine og i Viareggio med den italienske skodespelaren Eleonora Duse, og gjennom eit nytt svangerskap. Den tredje sonen hennar døydde berre nokre timar etter fødselen.

I 1922 gifta Duncan seg med den 18 år yngre diktaren Sergej Jesenin, som leid av alkholisme og var psykisk ustabil. Han tok livet av seg i 1925.

Isadora Duncan hadde også eit langvarig tilhøve til den amerikanske diktaren Mercedes de Acosta.

Dødsfallet til dansarinna er òg svært berømt. Under ein biltur i Nice sette ein bit av det lange sjalet hennar seg fast i eikene på den opne sportsbilen ho sat i, og ho braut nakken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]