Aurlandsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°58′15″N 7°4′38″E

Aurlandsfjorden sett frå fjellet Prest inn mot Flåm. Aurlandsvangen ligg nedanfor fjellet

Aurlandsfjorden er ein om lag 29 kilometer lang fjordarm på sørsida av Sognefjorden. Han ligg i kommunane Lærdal, Aurland og Vik.

Fjorden har innløp mellom Staven nær Fresvik i vest og Solsnes nær garden Buene i aust. Like innafor innløpet ligg garden Simlenes på vestsida. Han har vegsamband via åtte hårnålssvingar som går om lag 450 høgdemeter opp til toppen av Fresvikåsen. Vidare innover i fjorden er fjordsidene bratte og stort sett urørte med høgder opp til 1100 meter på kvar side. 11 km deler fjorden seg i to om lag like lange delar. Aurlandsfjorden held fram søraustover til Aurlandsvangen og Flåm, medan den smale og flotte Nærøyfjorden går sørvestover og inn til Gudvangen.

5 km sør for innløpet til Nærøyfjorden ligg Undredal på vestsida, og om lag 7 km lenger inn ligg Aurlandsvangen, kommunesenteret i Aurland. Her munnar Aurlandselvi ut i fjorden. Frå her går E16 langs austsida av fjorden og inn til Flåm, som ligg om lag 5 km lenger inne i botn av fjorden.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk