Fresvik
- For bygda med same namn i Hardanger, sjå Fresvik i Ullensvang
|
Fresvik frå fjorden. Foto: Karen |
||
| Plassering | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Vik kommune|Vik i Sogn og Fjordane | ||
| Geografi |
|
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | Fv182 Fv183 | |
| Postnummer | 6896 FRESVIK | |
| Preposisjon | i Fresvik | |
Fresvik er ei bygd i Vik kommune i Sogn og Fjordne og eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Bygda ligg på sørsida av Sognefjorden, ved ei bukt like vestom innlaupet til Aurlandsfjorden. Sørom Fresvik ligg Fresvikbreen. Største arbeidsplassen er kjøleisolasjonsprodusenten Fresvik produkt, men jordbruk er framleis ein viktig leveveg.
Fresvik fekk vegutløysing i 1976. Då vart vegen mellom Feios og Fresvik opna.[1]
Bygda har kyrkje, barnehage og den fådelte Fresvik skule[2]. Ungdomsskulen vart vedteken nedlagt i 2009 som fylgje av pengemangelen Vik kommune kom i etter at dei tapte pengar i Terra-skandalen, og frå skuleåret 2010/2011 må ungdomsskuleelvane frå Fresvik difor bussast til Feios skule.
Kvar sommar frå 2005 har Fres festival vorte halden i Fresvik.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det er gjord funn i Fresvik frå jarnalderen, og gardsnamnet Hov tyder på at det har stått eit gudshov der i førkristen tid. Frå rundt år 1400 kom dei fleste av dei til då sjølveigande gardane inn under Fresvik gods. Godset bestod fram til midten av 1800-talet då det vart oppdeld og seld ut. [3]
Ingeborg Olsdotter Grønlien frå Grønlid på Fresvikåsen vart i 1845 avretta, som den nest siste i Sogn og Fjordane, ved halshogging. Ho hadde drepe faren sin. [4]
Andre kjende personar frå bygda er løparkongen Mensen Ernst og poeten Jon O. Bøtun.
[endre] Kommunesoge
Fram til og med 1991 høyrde Fresvik til Leikanger kommune. Ved ei regulering av kommunegrensene vart Fresvik overførd til Vik frå og med 1. januar 1992. [5]
[endre] Fresvik sokn
Fresvik er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Fresvik kyrkje frå 1881.[6] Dagens kyrkje erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet. Fleire kunstverk frå gamlekyrkja er i museumssamlingar i Bergen og Oslo.[7]
Fram til 1999 høyrde Fresvik sokn til Leikanger prestegjeld i Indre Sogn prosti, då vart det overført til Vik prestegjeld i Ytre Sogn prosti.[8]
[endre] Kjelder
[endre] Fotnotar
- ↑ Kristin Ese: «Vegutløysing for Fresvik» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ Nettstaden til Vik kommune: «Fresvik skule»
- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik-godset»
- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Farsmordet i Fresvik»
- ↑ Dag Juvkvam: «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» på nettstaden til Statistisk sentralbyrå. s. 56
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Fresvik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- ↑ NRK Sogn og Fjordane sitt fylkesleksikon: «Fresvik kyrkje»
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettsida til Fresvik.
- Nettsida til Fresvik Sogelag
- Om Fresvik på nettstaden til Vik kommune
- Om Fresvik sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Eldre fotografi frå Fresvik på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
|
|
|
|---|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |