Avatsjinskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avatsjinskij
Avatsjinskij sett frå basecamp.
Avatsjinskij sett frå basecamp.
Høgd over havet 2741 moh
Ligg i/på Kamtsjatka i Russland
Koordinatar 53°15′N 158°50′EKoordinatar: 53°15′N 158°50′E
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 2001
Lettaste rute Lett fjell- og isklatring

Avatsjinskij (òg kalla Avatsja eller Avatsjinskaja Sopka) (russisk Авачинская сопка, Авача) er ein aktiv stratovulkanKamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han er synleg frå hovudstaden i Kamtsjatka kraj, Petropavlovsk-Kamtsjatskij. I lag med nabovulkanen Korjaksijy er han utpeikt som ein dekadevulkan på grunn av tidlegare eksplosive utbrot og nærleiken til folkesette område.

Geologisk historie[endre | endre wikiteksten]

Toppen av Avatsjinskij

Avatsjinskij ligg langs Eldringen der stillehavsplata glir under den eurasiatiske plata med ein fart på om lag 80 mm i året. Ein kile av mantelen ligg mellom dei to platene og er kjelda til vulkanaktiviteten på heile Kamtsjatkahalvøya.

Vulkanen er ein av dei mest aktive vulkanane på Kamtsjatka og byrja med utbrot i midten av eller seint i æraen pleistocen. Han har ein hestskoforma kaldera som vart danna for 30 til 40 000 år sidan med eit stort jordras som dekte eit område på 500 km² sør for vulkanen under byen Petropavlovsk-Kamtsjatskij. Oppbygginga av ei ny kjegle inne i kalderaen har skjedd i to fasar, for 18 000 og 7000 år sidan.[1][2][3]

Nyare aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Avatsjinskij har hatt 17 utbrot i den registrerte historia. Utbrota har generelt vore eksplosive og pyroklastiske straumar og laharar har hatt ein tendens til å gå sørvest for den holet i kalderaen. Det siste store utbrotet (VEI=4) skjedde i 1945 då om lag 0,25 km³ med magma vart kasta ut. Vulkanen har sidan den gong hatt små utbrot i 1991 og 2001.

Vulkanen gjev framleis mange jordskjelv og det finst mange fumaroler nær toppen. Temperaturen i gassane frå desse fumraolene er målt til over 400 °C. I lys av at vulkanen ligg så nær Petropavlovsk-Kamtsjatskij, er Avatsjinskij utpeikt som ein av seksten dekadevulkanar, som eit ledd i SN sitt «Internasjonale tiår for reduksjon av naturkatastrofar». Denne statusen har han i lag med den nærliggande vulkanen Korjakskij.

Avatsjinskij (i midten, nærast kysten) sett frå verdsrommet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Droznin D., Levin V., Park J., Gordejev E. (2002), Detailed Mapping of Seismic Anisotropy Indicators in Southeastern Kamchatka, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  2. Levin V., Park J., Gordejev E., Droznin D. (2002), Complex Anisotropic Structure of the Mantle Wedge Beneath Kamchatka Volcanoes, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  3. Taran Y.A., Connor C.B., Shapar V.N., Ovsiannikov A.A., Bilitsjenko A.A. (1997), Fumarolic activity of Avachinsky and Koryaksky volcanoes, Kamchatka, from 1993 to 1994, Bulletin of Vulcanlogy, v. 58, s. 441-448

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]