Dekadevulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teide, Tenerife (Spania).

Dekadevulkanane er seksten vulkanar identifisert av International Association of Volcanology and Chemistry of the Earth's Interior (IAVCEI) som vert nøye følgd med på grunn av deira tidlegare store, øydeleggande utbrot og plassering nær folkesette område. Desse vulkanane vert tett studert og eit av måla til IAVCEI er å gjere folk merksame på farane. Andre mål er å forstå vulkanane og farane dei utgjer betre, slik at ein kan redusere konsekvensane av slike naturkatastrofar. Vulkanane er kalla opp etter prosjektet som vart starta som ein del av eit prosjekt sponsa av Sameinte Nasjonar kalla Internasjonalt tiår for reduksjon av naturkatastrofar.

Dei seksten dekadevulkanane[endre | endre wikiteksten]