Bab el-Mandeb-sundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
NASA-bilete av Bab el-Mandeb-sundet.

Bab el-Mandeb-sundet (arabisk: باب المندب - «Tåreporten») er sundet som knyt saman Raudehavet med Adenbukta og Det indiske havet. Sundet ligg mellom kysten av Jemen på austsida og kysten av Eritrea og Djibouti på vestsida. Sør for sundet ligg Somalia.

Aust i sundet, nær kysten av Jemen ligg den jemenittiske øya Perim. Perim deler sundet i eit austleg og eit vestleg laup: det austlege er 3 km, det vestlege 20 km breitt. Sørvest i sundet, utanfor kysten av Djibouti ved overgangen til Adenbukta, ligg Sawabi-øyane. Denne øygruppa høyrer til Djibouti.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]