Ut frå Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser moglege utbreiingsruter for menneske basert på mitokondrium-DNA.
Svarte linjer viser tenkte utbreiingsvegar. Siffer og fargar viser tusentals år før notida. Bokstavar oppgjev ulike mitokondriegrupper.
I dette kartet er Afrika plassert oppe til venstre, Australia nede til venstre, den isdekte Nordpolen i midte og Amerika til høgre.

Ut frå Afrika, engelsk Out of Africa, viser til ein teori om at menneske oppstod i Afrika og spreidde seg til resten av verda derfrå. Han blei først føreslått av Charles Darwin i Descent of Man frå 1871, og er seinare i stor grad underbygd av fossilfunn og DNA-analysar. I dag peiker forskinga mot at alle nolevande menneske stammer frå ei kvinne som levde for 220 000-120 000 år sidan, og at ei mindre gruppe menneske forlét Afrika for 60 000-80 000 år sidan og folkesette resten av verda.

Ein viktig motstridande teori går ut på at moderne menneske utvikla seg frå fleire menneskeapar (Homo erectus, neandertalarar) på ulike stader i verda, eller at det fann stad genutveksling mellom det moderne mennesket (Homo sapiens) og dei ulike mennesketypane. Dette kunne forklara det ein såg som ulike menneskerasar. Teoriane har lita støtte i ny genetisk forsking, men genutveksling er ikkje heilt avvist.

I tillegg har modellen hatt motstand frå andre teoriar, som for eksempel at homo sapiens oppstod i Asia. (treng sitat)

Fossilfunn[endre | endre wikiteksten]

Model av Homo erectus. Denne menneskeapen spreidde seg ut frå Afrika, men desse utvandrarane er i følgje Ut frå Afrika-modellen ikkje opphav til moderne menneske.

Utviklinga av menneske skjedde i stor grad i Afrika. Her utvikla menneskeapane Australopithecus og menneskeslekta Homo seg. Dei eldste artane av slekta Homo, H. habilis og H. erectus, levde i Afrika for rundt 2,4 til 1,4 millionar år sidan. Ved overgangen mellom pliocen og pleistocen for knapt 2 millionar år sidan vandra H. erectus frå Afrika og spreidde seg til ulike delar av Eurasia. Deretter utvikla H. neanderthalensis (neandertalarar) og H. sapiens (moderne menneske) seg. Dei eldste fossila av anatomisk moderne menneske er funne i Afrika. Det eldste kjende funnet klassifisert som Homo sapiens er Omo 1, funne ved elva Omo sør i Etiopia, som kan vera opptil 195 000 år gamle.[1]

For 100 000 år sidan fanst H. erectus i Asia, H. neanderthalensis i Europa og H. sapiens i Afrika og Midt-Austen. For 30 000 år sidan var desse artane blitt erstatta av moderne menneske. I følgje Ut frå Afrika-modellen utvikla det moderne menneske seg relativt seint i Afrika og utvandra så til Eurasia, der det erstatta andre artar, utan noko genbytte. Dette er underbygd av fossilfunn som viser at ulike menneskeartar levde i same område som klart ulike grupper, med få fossil som ser ut som mellomstadium.[2]

Funn frå Australia og Ny-Guinea har vore sett som teikn på hypotesen om fleire opphavsstader. Det at 40 000 år gamle skjelett har ein finlemma bygnad, medan nokre seinare skjelett er meir robuste, kunne tyda på kryssingar mellom til dømes H. erectus og seinare mennesketypar. Ei anna forklaring som stemmer med Ut av Afrika-modellen er at folka som kom til desse øyane blei isolerte frå andre menneskegrupper, og utvikla ein noko ulik morfologi på eiga hand. Studie av arvemateriale til nolevande urfolk frå desse områda viser også at dei stammar frå moderne menneske som vandra ut frå Afrika relativt seint.[3]

Analysar av eit 36 000 år gammalt kranium frå Hofmeyr i Sør-Afrika blir sett på som støtte for at anatomisk moderne menneske forlét Afrika høvesvis seint. Samanlikningar med europeiske funn frå same tidsrom (Cro Magnon-menneske frå sein eldre steinalder) viser stor likskap, noko som blir tolka som at moderne menneske spreidde seg raskt frå Afrika til Europa.[4]

Genetisk forsking[endre | endre wikiteksten]

Oversyn over ulike haplogrupper av mitokondrie-DNA funne i Afrika. Aust-Afrika syner stor variasjon.

Arvestoff som ikkje går gjennom rekombinasjon ved celledeling blir overført i rett linje gjennom generasjonane, utan å blanda seg med stoff frå andre forfedrar. Dette gjeld DNA i mitokondriane, som blir overført direkte frå mor til barn, og Y-kromosom, som blir overført direkte frå far til son. Om ein følgjer generasjonane bakover i tid vil ein til slutt nå felles opphav for kvar av desse linjene. Ettersom slikt arvestoff vil gå gjennom mutasjonar med antatt jamne mellomrom kan ein dermed rekna seg fram til om lag kva tid opphavsindivid levde. Samanlikningar av DNA-prøvar frå mange ulike nolevande menneske peiker dermed mot ei tid og ein stad for ei felles stammor, «mitokondriske Eva», og ein stamfar, «Y-kromosom-Adam».

Dette verktøyet blei nytta av ei svensk forskargruppe som i 2000 gav ut ein studie der mitokondrie-DNAet, mtDNA, til 53 menneske frå ulike delar av verda blei undersøkt. Dei spora dei tre eldste greinene til mennesket sitt slektstre til Afrika. Utrekningar i studien anslo at mitokondriske Eva levde i Afrika ein gong for mellom 220 000 og 120 000 år sidan.[5] Seinare slo ein fast at mannen alle nolevande menneske stammar frå levde noko seinare, for om lag 60 000 år sidan, også i Afrika.

Etter «Eva» skilde nye haplogrupper (individ med eitt felles opphav) seg ut. Alle menneske som levde utanfor Afrika høyrer til éi av desse, haplogruppe L3, som truleg oppstod i Aust-Afrika for mellom 84 000 og 104 000 år sidan.[6]

Andre studiar har vist stor genetisk variasjon for menneske i Afrika, særleg i Aust-Afrika, noko som peiker på dette som ein sannsynleg opphavsstad for moderne menneske.[7]

Utvandring frå Afrika[endre | endre wikiteksten]

«Mungo-mannen» levde i Australia, truleg for rundt 40 000 år sidan.

Den første utvandringa frå Afrika utført av H. sapiens skjedde truleg for 120 000–100 000 år sidan, etter funn av anatomisk moderne menneske i Israel. Desse ser likevel ut til å ha døydd ut eller vend tilbake til Afrika for rundt 90 000 år sidan. For 60 000-80 000 år sidan lukkast neste forsøk på å vandra ut frå Afrika, då ei mindre gruppe tok seg over Raudehavet til noverande Jemen. Dei følgde truleg kysten til dei kom til Søraust-Asia (for minst 50 000 år sidan) og folkesette deretter Australia (40 000 år sidan), resten av Asia og, truleg mykje seinare, Amerika.

Dei første moderne menneskja kom til Europa for rundt 40&nsbp;000 år sidan og blir kalla Cro Magnon, etter namnet på grotta sørvest i Frankrike der ein fann dei første leivningane deira. Samstundes levde det også neandertalarar i Europa. I følgje teorien om genblanding skulle det finnast noko neandertalar-DNA i dagens europearar, men inga genetisk forsking har vist dette.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]