Ballon d'Alsace
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Ballon d'Alsace | |
|---|---|
| Høgd over havet | 1 247 moh |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Vogesane |
| Primærfaktor | 211 m |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Ballon d'Alsace er eit fjell på grensa mellom Alsace, Lorraine og Franche-Comté. Frå toppen kan ein sjå Vogesane, Rhindalen og Schwarzwald. Fjellet er 1 247 moh, og har ein primærfaktor på 211 meter. Ein veg passerer nær toppen i ei høgd på 1 171 moh.
Ballon d'Alsace er kjend for å ha hatt den første offisielle klatreetappen i Tour de France. Det skjedde 10. juli 1905, og vart vunne av René Pottier. Etappe 9 i 2005-utgåva av Tour de France kryssa dette passet på hundreårsdagen etter den første etappen her.