Bauhaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bauhaus i Dessau
Modell av arbeidsromet til Walter Gropius ved Bauhaus i Dessau

Bauhaus, eller offisielt Staatliches Bauhaus (statlege Bauhaus), var ein arkitektskule i Tyskland i åra frå 1919 til 1933.

Skulen vart grunnlagd av Walter Gropius i Weimar i 1919. Skulen vart i 1925 flytta til Dessau. I 1932 skjedde ei ny flytting, til Berlin. Walter Gropius var rektor for skulen frå 1919 til 1928. Etter dette var Hannes Meyer og Ludwig Mies van der Rohe rektorar. Skulen var stengd av nazistane i 1933. Bauhaus har hatt stor innverknad på moderne kunst og arkitektur. Skulen dreiv i hovudsak med utdanning av arkitektar, men det var òg ei avdeling for utdanning innan kunstfag. I 1996 vart alle bygg i Dessau knytt til Bauhaus tekne opp på UNESCO si liste over verdsarv.

Bauhaus var mellom anna viktig for utvikling av stilretninga funksjonalisme i arkitektur.

I Berlin vart det på 1970-talet oppretta eit arkiv, Das Bauhaus-Archiv, med teikningar og verk laga ved Bauhaus.

Nokre kjende lærarar innan Bauhaus[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bauhaus