Beate Hølmebakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beate Hølmebakk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1963 (61 år)
Oslo
Yrke arkitekt, professor
Far Gordon Hølmebakk
Mor Inger-Sophie Manthey
Toalettanlegg Akkarvikodden, designet av Manthey Kula.

Beate Marie Hølmebakk (fødd 1963) er ein norsk arkitekt og professor. Gjennom karrieren har Hølmebakk arbeidd med eit breitt spektrum av prosjekt innan arkitektur, landskapsarkitektur, kuratering og kunst.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Hølmebakk studerte arkitektur ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og Cooper Union i New York.[1]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i karrieren jobba Hølmebakk med Virginia (1995-2000), ein serie med papirarkitekturprosjekt. Serien består modellar og teikningar inspirerte av litterære kvinneskikkelser. Nasjonalmuseet kjøpte inn fleire av verka i serien til samlinga si i 2020.[2]

Saman med arkitekt Per Tamsen grunnla Hølmebakk arkitektkontoret Manthey Kula i 2004, som har hovudkontor i Oslo.[3] Manthey Kula har stor anerkjenning internasjonalt og jobbar med prosjekt innanfor arkitektur, landskapsarkitektur og utstillingsdesign. Det fyrste prosjektet til arkitektkontoret, kraftstasjonen på Pålsbu kraftverk, blei nominert til Mies van der Rohe-prisen .[4]

I 2018 vann Manthey Kula og arkitektkontoret LCLA konkurransen om å utforme den norske gjestelandspaviljongen på bokmessa i Frankfurt 2019 med utkastet Norge Forteller.[5] I 2021 designa kontoret fire av dei permanente utstillingane ved det nye Munch-museet.[6]

I 2007 blei Hølmebakk tilsett som professor ved Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo.[7]

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Utøyakaia, nasjonal minnestad for 22. juli.
  • Virginia-serien, papirprosjekt. (1995-2000)
  • 2007: Overbygg Pålsbu Kraftverk, Buskerud. (Manthey Kula Architects)
  • 2009: Toalettanlegg Akkarvikodden. (Manthey Kula Architects)
  • 2019: Den norske gjestelandspaviljongen på bokmessa i Frankfurt 2019. (Manthey Kula Architects og LCLA)
  • 2018: Skreda Rasteplass, Nasjonal turistveg. (Manthey Kula Architects)
  • 2021: House Hamburgö. Bohuslän, Sverige.[8] (Manthey Kula Architects)
  • 2022: Utøyakaia, nasjonal minnestad for 22. juli (Manthey Kula Architects og Bureau Bas Smets)

Utstillingsdesign:[endre | endre wikiteksten]

  • 2021: Fire permanente utstillingar, Munch-museet.[6] (Manthey Kula Architects)
  • 2022: Satyricon og Munch, Munch-museet.[9] (Manthey Kula Architects)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 2022: Prins Eugen-medaljen for fremragande kunstnarisk virke – tildelt Hølmebakk og Per Tamsen (Manthey Kula Architects).[10]
  • 2022: Nominert til Mies van der Rohe Award for den norske gjestelandspaviljongen på bokmessa i Frankfurt 2019 (Manthey Kula Architects).[11]
  • 2019: Nominert til Mies van der Rohe Award for Skreda Rasteplass. (Manthey Kula Architects).[12]
  • 2011: Nominert til Mies van der Rohe Award for Toalettanlegg Akkarvikodden. (Manthey Kula Architects).[13]
  • 2009: Nominert til Mies van der Rohe Award for overbygget Pålsbu Kraftverk (Manthey Kula Architects).[4]
  • 2003: Medalje, Schelling Architecture Award for Architecture.[14]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Hølmebakk er dotter av omsetjaren Inger-Sofie Manthey Hølmebakk og forleggaren Gordon Hølmebakk.[15] Broren hennar Carl-Viggo Hølmebakk er også arkitekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «| Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo». aho.no. Henta 8. mars 2024. 
  2. «Fire hus. Fire kvinner. Beate Hølmebakks arkitektur basert på litterære skikkelser». Nasjonalmuseet (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2024. 
  3. «About». manthey kula (på engelsk). Henta 8. mars 2024. 
  4. 4,0 4,1 «EUMiesAward». www.miesarch.com. Henta 8. mars 2024. 
  5. «manthey kula og LCLA skal utforme Norges paviljong i Frankfurt». NORLA (på norsk bokmål). Henta 8. mars 2024. 
  6. 6,0 6,1 «Collection exhibitions at the new Munch museum». manthey kula (på engelsk). Henta 8. mars 2024. 
  7. «Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo». aho.no. Henta 8. mars 2024. 
  8. «Hamburgö house». manthey kula (på engelsk). Henta 8. mars 2024. 
  9. «Satyricon & Munch». manthey kula (på engelsk). Henta 8. mars 2024. 
  10. «Prins Eugen-medaljen 2022». www.kungahuset.se (på svensk). Henta 8. mars 2024. 
  11. «EUMiesAward». www.miesarch.com. Henta 8. mars 2024. 
  12. «EUMiesAward». www.miesarch.com. Henta 8. mars 2024. 
  13. «EUMiesAward». www.miesarch.com. Henta 8. mars 2024. 
  14. «Beate Hølmebakk». Schelling-Architekturstiftung (på engelsk). 2004. Henta 8. mars 2024. 
  15. Torbjørn Tumyr Nilsen (08.06.2021). «Litterær papirarkitektur». Arkitektur. Henta 08.03.2024.