Bega ved Tisza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bega
Begej / Бегеј
Brua over Begej i Zrenjanin i Serbia
Brua over Begej i Zrenjanin i Serbia
Utspring Poiana Ruscă-fjella i Romania
Munning Tisza, nær Titel i Serbia
- Høgd 75 moh
Land i nedslagsfelt Romania Romania
Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 256 km
Nedslagsfelt 2 870 km²

Bega (rumensk Bega, serbisk Begej (Бегеј), tysk Bega, ungarsk Béga) er ei 254 km lang i Romania (178 km) og Serbia (76 km). Ho spring ut i Poiana Ruscă-fjella i Romania, ein del av Karpatane, og munnar ut i Tisza nær Titel i Vojvodina i Serbia.

Elva i Romania[endre | endre wikiteksten]

Elva startar der elvane Bega Luncanilor og Bega Poieni renn saman. Ved Coşava snur elva vestover og renn gjennom Făget, Balinţ og Topolovăţu Mic, der ho renn ut på dei låge Banatslettene. Slettene var ofte råka av flaum, så Begakanalen vart bygd for å hindre dette. Kanalen renn gjennom Timişoara og held fram sørvestover og inn i Serbia nær landsbyen Hetin.

Elva i Serbia[endre | endre wikiteksten]

Nær Jankov Most vert Begej ein del av den store Donau-Tisza-Donau-kanalen og snur sørover. Her mottar ho vatn frå Novi Begej. Her renn elva ut frå kanalen og snur vestover. Ved Zrenjanin snur ho sørover gjennom det gamle elvefaret til Tisa, og renn gjennom Ečka, Stajićevo og Perlez. Denne delen av elva er prega av myrområde og nokre av desse er omforma til fiskevatn, som Belo jezero og Ribnjak Ečka, den største i Serbia med eit areal på 25 km². Resten av våtmarksområde dannar den største myra i Serbia, Carska bara. Etter Begej renn ut frå dette området munnar ho ut i Tisa.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Elva har eit nedslagsfelt på 2 878 km².

Dei kanaliserte delane av både Stari Begej og Novi Begej kan nyttast til skipsfart. Av busetnader langs Novi Begej finn ein Srpski Itebej, Novi Itebej, Torak og Žitište.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bega River (Tisza)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
      • Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
      • Administraţia Naţională Apele Române - Cadastrul Apelor - Bucureşti
      • Institutul de Meteorologie şi Hidrologie - Rîurile României - Bucureşti 1971
      • ICPA - Comune vulnerabile - Judeţul Timiş [1]
      • Trasee turistice - judeţul Timiş [2]