Belozersk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belozersk
Белозерск
Byvåpenet til Belozersk
Byvåpenet til Belozersk


Plassering
Belozersk is located in Russland
Belozersk is located in Vologda oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Først nemnd i 862
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

10 258
Koordinatar 60°2′″N 37°47′″EKoordinatar: 60°2′″N 37°47′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81756
Bilnummer 35

Belozersk (russisk Белозе́рск), kjend som Beloozero (russisk: Белоо́зеро) fram til 1777, er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg på sørbreidda av Belojesjøen, som han er kalla opp etter.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Katedralen i Belozersk i 1909

Belozersk er første gong nemnt i skriftlege kjelder i 862 og var ein av dei fem opphavlege russiske byane (dei andre er Ladoga, Novgorod, Polotsk og Rostov). Busetnaden har ved fleire høve vorte flytta frå ei breidde ved innsjøen til ein annan.

På 1000-talet var regionen framleis hovudsakleg folkesett av finsk-ugriske stammer som sterkt motsette seg forsøk på kristning. I 1071 reiste dei lokale heidenske prestane seg i eit opprør, som vart slått ned av den kievske kommandanten Jan Vysjatitsj. Nestorkrøniken fortel at dei døde kroppane til prestane vart hengd frå eit eiketre, til dei vart rive i stykker av ein bjørn, som av stammefolka vart sett på som eit heilag dyr.

Beloozero var hovudstad i et lite fyrstedøme mellom 1238 og 1370. Mellomaldermonumenta i byen omfattar Maria himmelfarts kyrkje (1552) og Frelsarkatedralen (1668). Trekapellet St. Elijah vart bygd i 1690. Området er rikt på gamle kloster, slik som Kirillo-Belozerskij-klosteret og Ferapontovklosteret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]