Benevento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Benevento
Corso Garibaldi i Benevento
Corso Garibaldi i Benevento
Plassering
Benevento is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Campania
Benevento
Borgarmeister Fausto Pepe
Geografi
Flatevidd
 - By

129 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

63 086
  477/km²
Koordinatar 41°8′″N 14°47′″EKoordinatar: 41°8′″N 14°47′″E
Høgd over havet 135 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 82100
Telefon-retningsnummer 0824
Nettstad: www.comune.benevento.it

Benevento er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Benevento i regionen Campania og har om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg 50 km nordaust for Napoli og ligg på ein 130 meter høg ås der elva Calore Irpino (eller Beneventano) og Sabato renn saman. Byen er òg sete for ein katolsk erkebiskop.

Benevento ligg på same stad som den antikke byen Beneventum, opphavleg Maleventum eller Malowent. «Vent» i namnet refererer truleg til ein markedsplass og var mykje brukt i stadnamn i antikken.[1] Romarane meinte at han visstnok vart grunnlagd av Diomedes etter trojanarkrigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken[endre | endre wikiteksten]

Benevento, som Maleventum, var ein av dei viktigaste byane i Samnium, og seinare av dei viktigaste byane i heile Sør-Italia. Han låg ved vegen Via Appia 50 km aust for Capua ved breidda av elva Calore. Dei gamle romerske geografane skriv at byen er særs gamal og meinte han kunne vere grunnlagd av Diomedes etter trojanarkrigen og var ein by som høyrte til samnittarane. Byen var truleg godt verna for romarane gjekk ikkje til åtak på han under dei to første krigane med samnittarane. Romarane tok truleg byen under den tredje samnittarkrigen. Som ein romersk koloni blømde byen og under den andre punarkrigen var ofte dei romerske generalane her for å vakte over byen og Campania. To av dei mest avgjerande slaga under krigen stod i nærleiken av byen, slaget ved beneventum i 214 fvt., der den kartagiske generalen Hanno vart slått av Tiberius Gracchus. Det andre stod i 212 fvt. då leiren til Hanno, der han hadde samla store mengder korn og andre ting, vart storma og tatt av den romerske konsulen Quintus Fulvius Flaccus.

Under det andre triumviratet vart området delt opp av triumvirane til veteranane sine og til slutt vart det oppretta ein ny koloni her av keisar Augustus. Ein tredje koloni vart oppretta her av Nero. Byen blømde under Romarriket og var truleg den nest største byen i Sør-Italia etter Capua, og plasseringa ved Via Appia var truleg sterkt medverkande til dette. Det var i denne perioden at den romerske bogen, Trajanbogen, vart reist av keisar Trajan. Bogen står framleis og er ein av dei best bevarte strukturane frå denne tida i heile Campania.

Beneventum var ein viktig heilt til Romarriket sitt fall og under gotarkrigane vart han erobra av Totila og bymurane vart fjerna, og så bygd opp att kort tid etter.

Hertugdømet Benevento[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hertugdømet Benevento.

Ikkje lenge etter byen vart plyndra av Totila og bymurane rive ned (545), vart Benevento sete for eit mektig langboardisk hertugdøme. Ein meiner at hertugdømet vart grunnlagd i 576 av soldatar leia av Zotto. Etterfølgjaren hans var Arechi I (døydde i 640) og han erobra Capua og Crotone, plyndra den austromerske byen Amalfi, men klarte ikkje å erobre Napoli. Etter regjeringstida hans hadde berre Austromarriket Napoli, Amalfi, Gaeta, Sorrento og enden av Calabria, i tillegg til kystbyane i Puglia att.

Dei neste tiåra erobra Benevento fleire område frå austromarane, men hovudfienden vart no sjølve Lombardia i nord. Kong Liutprand blanda seg inn fleire gonger og la fram eit eige forslag om kven som skulle ta over hertugdømet. Etterfølgjaren hans, Ratchis, erklærte hertugdøma Spoleto og Benevento for framand land der det ikkje var lov å reise utan løyve frå kongen.

Fyrstedømet Benevento slik det såg ut i år 1000.

Då det lombardiske kongedømet kollapsa i 773 vart hertug Arechi II opphøgd til fyrste under det nye riket til frankarane som kompensasjon for at nokre av områda hans vart gjeve tilbake til Kyrkjestaten.

Det såkalla Langobardia vart samla ein siste gong under hertug Pandolfo Testa di Ferro, som utvida makta si i Mezzogiorno frå basen sin i Benevento og Capua. Før han døydde (mars 981) fekk han òg tittelen Hertug av Spoleto av keisar Otto I. Både Benevento og Salerno gjorde derimot opprør mot sonen hans og arvingen Pandulf II.

I 1022 erobra Henrik II både Capua og Benevento, men reiste tilbake etter at han ikkje klarte å ta Trioa. Om lag det same skjedde med Konrad II i 1038. Desse åra var dei tre statane (Benevento, Capua og Salerno) ofte i krigar med kvarandre, noko som var til fordel for normannarane som fekk auka makt i området. Normannaraen Robert Guiscard erobra Benevento i 1053 etter keisar Henrik III hadde gjeve løyve til det. Desse fyrstane vart seinare kasta ut av byen og så kalla tilbake då paven ikkje klarte å forsvare byen mot Guiscard. Byen var ein paveby fram til 1801.

Det pavlege Benevento[endre | endre wikiteksten]

Benevento gjekk over til Kyrkjestaten utan kamp då keisar Henrik III avstod byen til Leo IX i byte for Bispedømet Bamberg (1077). Benevento var maktsenteret til Kyrkjestaten i det sørlege Italia fram til byrjinga av 1800-talet då Napoleon gav byen til ministeren sin Talleyrand med tittelen Fyrste. Talleyrand slo seg aldri ned her eller styrte det nye fyrstedømet sitt og i 1815 gjekk Benevento tilbake til Kyrkjestaten. I 1860 vart han ein del av Italia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Benevento

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. E. McClure, British Place-Names in their Historical Settings, London (1910), s. 32-34