Bernieridae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernieridae


Bernieria madagascariensis var tidlegare klassifisert som bylbyl med norsk namn langnebbylbyl Foto: danielguip
Bernieria madagascariensis var tidlegare klassifisert som bylbyl med norsk namn langnebbylbyl
Foto: danielguip

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Bernieridae
Slekter

Bernieridae er ein nyleg anerkjent klade av underordenen songfuglar i Passeriformes. Kladen er skildra som ein familie med namnet Bernieridae, engelsk 'Malagasy Warblers',[1][2][3] tilsvarande gassarsongarar eller madagassarsongarar, men framleis utan offisiell namngjeving på norsk. Familien samlar elleve artar av små fuglar, alle endemiske til Madagaskar.

Allereie i 1934 vart det gjort framlegg om denne monofyletiske gruppa[4]. Men ein heldt fram med den tradisjonelle klassifiseringa av desse fuglane grunna feiltydingar av konvergerande evolusjon og mangel på tilpassa forsking. Gassarsongarar var tidlegare lagt til Pycnonotidae, bylbylar, Sylviidae, songarar og særleg Timaliidae, timalar.

Det var ikkje før det var gjort DNA-analysar[5][6] at den lenge føreslåtte grupperinga vart akseptert.

Fleire av desse artane er særs lite kjente, og vart skildra av vitskapen for kort tid sidan. Xanthomixis apperti vart skildra i 1972 og betsimisarakasongar i 1996. Alle artar i slekta Xanthomixis med unntak av Xanthomixis zosterops er trua av tap av habitat, og er oppført som sårbare på IUCN raudliste.

Dei fleste gassarsongarar lever i dei fuktige regnskogane på austre Madagaskar, men nokre artar finst i dei tørrare sørvestre delar av øya. Dei lever av insekt og vil danne fleirartsflokkar frå opp til seks artar, medan dei beitar.

Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Gassarsongarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]

Slekt Oxylabes, tidlegare plassert i Timaliidae, timalar

Slekt Bernieria

Slekt Cryptosylvicola, tidlegare plassert i Sylviidae, songarar

Slekt Hartertula, tidlegare plassert i Timaliidae, timalar

Slekt Thamnornis, tidlegare plassert i Sylviidae, songarar

Slekt Crossleyia, tidlegare plassert i Timaliidae, timalar

Slekt Xanthomixis

Slekt Randia, tidlegare plassert i Sylviidae, songarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Beresford, P.; Barker, F.K.; Ryan, P.G. & Crowe, T.M. (2005) African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'. Proc. Roy. Soc. Lond. B 272(1565): 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997 PDF fulltext Electronic appendix
  • Cibois, Alice; Pasquet, Eric; Schulenberg, Thomas S. & (1999) Molecular Systematics of the Malagasy Babblers (Passeriformes: Timaliidae) and Warblers (Passeriformes: Sylviidae), Based on Cytochrome b and 16S rRNA Sequences. Molecular Phylogenetics and Evolution 13(3): 581–595. doi:10.1006/mpev.1999.0684 (HTML abstract)
  • Cibois, Alice; Slikas, Beth; Shulenberg, Thomas S. & Pasquet, Eric (2001) An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution]] 55(6): 1198–1206. doi:[1198:AEROMS2.0.CO;2 10.1554/0014-3820(2001)055[1198:AEROMS]2.0.CO;2] PDF fulltext
  • Salomonsen, F. (1934) Revision of the Madagascar Timaliine birds. Annals and Magazine of Natural History (10th series) 14: 60–79.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cibois et al. 2010
  2. 2,0 2,1 Endringar gjort til versjon 6.4 av Clementslista, desember 2009
  3. IOC World Bird List, versjon 2,5 Old World Warblers and Babblers
  4. Salomonsen 1934
  5. Cibois et al. 1999, 2001
  6. Beresford et al. 2005
  7. Syvertsen, et al

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]