Bingsfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bingsfossen er ein foss i Glommavassdraget ovafor Sørumsand. Den har eit fall på fire meter, og vart bygd ut med vasskraftverk og damluker i 1978 til Bingsfoss kraftverk.
Fylkesveg 171 går over demninga.
Dersom det var ei sluse i samband med denne demninga og ei ved Rånåsfoss ville det vere råd å dra med fritidsbåt frå Solbergfoss i Askim, til Fåberg nord for Lillehammer i Mjøsa. Ei sluse i demninga ved Funnefoss vil kunne gi samband til Storsjøen i Odalen og Glåma til Kongsvinger kraftverk.
Høg vassføring over Bingenfossen under flaumen i Juni 2011
Foto: Tommy Gildseth