Bon Jovi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bon Jovi

Periode1983–
Aktiv1983–
SjangerHard rock, glam metal, soft rock, country rock
PlateselskapIsland Records, Mercury Records
MedlemmerJon Bon Jovi, David Bryan, Tico Torres, Hugh McDonald
PrisarRock and Roll Hall of Fame, Premios Oye!

Bon Jovi er ei amerikansk rockegruppe frå Sayreville i New Jersey. Gruppa blei starta i 1983 og består av vokalist og namnebror Jon Bon Jovi (John Francis Bongiovi, Jr), gitarist Richie Sambora, keyboardist David Bryan, trommeslagar Tico Torres, og dessutan noverande bassist Hugh McDonald.[1] Besetninga til gruppa har stort sett vore den same heile tida, det einaste unntaket er Alec John Such som slutta i 1994, som uoffisielt vart erstatta av Hugh McDonald. I 1986 blei gruppa verdskjend med sitt tredje album, Slippery When Wet.[2] Det fjerde albumet til gruppa, New Jersey, var like suksessfullt i 1988 og mellom 1986 og 1995 hadde Bon Jovi 13 Top 40-hittar i USA. Av desse nådde fire førsteplassen på Billboard Hot 100: «You Give Love a Bad Name», «Livin' on a Prayer», «Bad Medicine» og «I'll Be There for You».

Gruppa har òg hatt Topp 10-hittar som «Wanted Dead or Alive», «Born to Be My Baby», «Lay Your Hands on Me», «Bed of Roses» og «Always». Singelen "It's My Life" frå 2000 gjorde Bon Jovi kjend for eit yngre publikum. Gruppa nyttar ulike stilarter i musikken sin, til dømes country på albumet Lost Highway frå 2007. Lost Highway debuterte på førsteplassen på Billboard 200, det same gjorde The Circle i 2009. 12. mars 2013 gav Bon Jovi ut sitt 12. studioalbum, What About Now.[3] Bon Jovi har så langt gjeve ut 12 studioalbum, tre samlealbum og to livealbum. Dei er ei av dei mestseljande musikkgruppene gjennom tidene med over 130 millionar selde album, og har hatt over 2 700 konsertar i over 50 land for meir enn 35 millionar tilskodarar.[4] Bon Jovi blei innlemma i UK Music Hall of Fame i 2006.[5] Gruppa blei òg heidra med Award of Merit på American Music Awards i 2004, og som låtskrivarar og samarbeidspartnarar blei Jon Bon Jovi og Richie Sambora innlemma i Songwriters Hall of Fame i 2009.[6][7][8] I 2018 blei gruppa innvotert i Rockens æresgalleri.[9]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande

med

Tidlegare

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Turnéhistorie[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bon Jovi History». Historyking.com. Arkivert frå originalen 28. mai 2009. Henta 1. juni 2009. 
  2. Whitewood, Alan (24. desember 2012). «Bon Jovi Keep the Faith». Island Pulse. Arkivert frå originalen 13. desember 2013. Henta 31. desember 2012. «Their first notable album was 'Slippery When Wet', a USA No.1 that stalled at No.6 here in 1986. In all that album spawned four hit singles in the UK.» 
  3. «Announcing Bon Jovi: Because We Can - The Tour». BonJovi.com. 25. oktober 2012. Arkivert frå originalen 12. desember 2013. Henta 12. november 2012. 
  4. «Bon Jovi: When We Were Beautiful». Top 40 Charts.com. 6. april 2009. Henta 1. juni 2009. 
  5. «Bon Jovi to enter UK Hall of Fame». BBC News (British Broadcasting Corporation). 16. oktober 2006. Henta 1. juni 2009. 
  6. «Bon Jovi honoured at American Music Awards - Music». Smh.com.au. Henta 20. mars 2013. 
  7. «Jon Bon Jovi Exhibit». Songwriters Hall of Fame. Arkivert frå originalen 1. juni 2012. Henta 20. mars 2013. 
  8. «Richie Sambora Exhibit». Songwriters Hall of Fame. Arkivert frå originalen 1. juni 2012. Henta 20. mars 2013. 
  9. Omtale på æresgalleriets nettsted; besøkt 24. mars 2018.