Bonifaciosundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bonifaciosundet (før 1861 stava Bonifaccio) er sundet mellom Korsika og Sardinia, kalla opp etter den korsikanske byen Bonifacio. Det er om lag 11 km breitt og går mellom Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet.

Maddalenaøyane ligg i sundet, like nord for Sardinia.

Sjømenn har i lange tider frykta dette farvatnet på grunn av vêret, havstraumane, grunnene og andre hindringar. Den mest kjende ulukka i Bonifaciosundet var då den franske fregatten «Sémillante» forliste her 15. februar 1855. Skipet hadde forlate hamna i Toulon dagen før og var på veg til Svartehavet med troppar til Krimkrigen. Ho vart råka av ein storm, trefte eit rev og sokk. Ingen av dei 750 om bord overlevde. I 1993 forliste eit tankskip her og etter den tid har berre franske og italienske skip med farleg gods lov til å passerer sundet.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 41°18′43″N 9°12′46″E