Maddalenaøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luftfoto av øygruppa.
Santo Stefano sett frå Palau.

Maddalenaøyane (italiensk Arcipelago della Maddalena) er ei øygruppe i Bonifaciosundet mellom Korsika og Sardinia i Italia. Ho består av sju større øyar og fleire småøyar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den største øya er La Maddalena og dei andre seks øyane er (frå størst til minst): Caprera, Spargi, Santo Stefano, Santa Maria, Budelli og Razzoli. Berre Maddalena, Caprera og S. Stefano er busette.

Maddalenaøyane ligg nær den kjende turiststaden Costa Smeralda og har det same krystallklåre vatnet og granittklippene, men er òg eit rikt dyreliv. Øyane er ein del av nasjonalparken Parco Nazionale Arcipelago di La Maddalena.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øyane har vore busett sidan førhistorisk tid. Romarane kalla øyane for Cunicularia og dei var eit travelt skipsfartområde i det andre og første tusenåret f.Kr. Maddalenaøyane har alltid vore strategisk viktige og var årsaka til ein strid mellom Republikken Pisa og Republikken Genova1200-talet. Dette førte til at dei vart forlatt i lange tider før gjetarar frå Korsika slo seg ned her i lag med dei første busetjarane på Sardinia på 1500-talet. Napoleon Bonaparte, Admiral Nelson og særleg Giuseppe Garibaldi hadde alle historiske band til dette området.

I dag[endre | endre wikiteksten]

I dag er det ein marinebase for NATO med amerkianske atomubåtar på St. Stefano. Administrativt høyrer øyane til provinsen Olbia-Tempio etter at dei flytta frå provinsen Sassari i 2005. Det går ferjesamband frå Palau på Sardinia til La Maddalena. Det er berre vegar på La Maddalena og Caprera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]