Bountyskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bountyskarv

Status i verda: VU Sårbar


Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Phalacrocoracidae
Slekt: Phalacrocorax
Art: P. ranfurlyi
Vitskapleg namn
Phalacrocorax ranfurlyi
Ogilvie-Grant, 1901

Bountyskarv (Phalacrocorax ranfurlyi) er ein kystbunden sjøfugl og ein mellomstor skarv. Han er endemisk til BountyøyaneNew Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bountyskarvar er ca. 71 centimeter med kroppssvekt på 2,5 kilogram. Fjørdrakta er i svart, med kvit underside frå strupen til undergumpen. Kvite flekker på vengfjørene utgjer eit kvitt band på vengen når fuglen sit. Beina er lyseraude og auga har blå augering. Strupe og andlet får ein raud hudpose i hekketida.

Denne arten finst berre rundt øygruppa Bountyøyane, dei er trudd å beite opp til 24 kilometer ut frå land av øygruppa.[1]

Bountyskarvar hekkar i koloniar i øygruppa, inkludert øya Lion Island. Reira er bygd av tang, fjører og småstein. Dei legg 2, nokre gonger 3 egg i oktober til november.

Dei kan samle seg i flokkar på opptil 300 fuglar når dei søkjer føde, og i føda kan det inngå kråkebollar, sniglar, isopodar, småfisk og blekksprutar.

Arten har status som sterkt trua, og bestanden er estimert til 410 kjønnsmodne individ (2005), og er rekna som stabil.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 BirdLife International 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bountyskarv