Brokkoli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Brokkoli | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Orden: | Brassicales | |
| Familie: | Brassicaceae | |
| Slekt: | Brassica | |
| Art: | B. oleracea | |
| Vitskapleg namn | ||
| Brassica oleracea var. silvestris | ||
Brokkoli, eller aspargeskål som somme kallar han, er ein kålplante som kjem frå Italia.
Brokkoli vert dyrka i Noreg, men må om vinteren kjøpast frå utlandet. Næraste slektning er blomkål. Brokkoli er rik på jern, A- og B-vitamin, og har dobbelt so mykje C-vitamin som appelsin. Brokkoli bør lagrast kaldt, 0-2 grader celsius, og pakka i plast. Han egnar seg godt til nedfrysing, men bør då forvellast først.