Buenaventura Durruti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av Buenaventura Durruti

Buenaventura Durruti Dumange (14. juli 189620. november 1936) var ein sentral person i spansk anarkisme i tida før den spanske borgarkrigen, og fall som milits-kommandant i krigen.

Han var fødd i Leon i Spania, og begynte i arbeid som 14-åring. I 1917 var det ein storstreik i landet, der regjeringa bruka hæren for å slå ned streiken. 70 arbeidarar blei drepne, 500 skadde og 2000 fengsla utan lov og dom. Durruti, som hadde vore aktivt med i streiken, måtte rømme til Frankrike.

I 1920 vende han tilbake til Spania, og han for til Barcelona for å organisere arbeidarane der. Han var også med og danna gruppa Los Solidarios, Dei solidariske, som prøvde å ta livet av kongen, og klarte å drepe den sterkt mislika erkebisp Soldevila. Etter det var Durruti ei tid i Argentina.

Tilbake i Spania blei Durruti ein av leiarane i to av dei største anarkistorganisasjonane i Spania på den tida, Federacion Anarquista Iberica FAI og fagrørsla Confederación Nacional del Trabajo CNT.

Da militærkuppet tok til i 1936, var Durruti blant dei som fekk hindra at fascistane tok Barcelona. Durruti leidde så ein milits på over 3000 væpna anarkistar, sidan kjend som Durruti-kolonnen, i kampane ved Zaragoza. Han døydde av skotsår han fekk ved fronten.

Den døydde Durruti blei frakta gjennom landet tilbake til Barcelona for gravferd. Hundretusenvis av menneske fylte gatene i Barcelona for å vise han den siste æra.