Buksbom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vanleg buksbom.
Vltveksande buksbom.
Lauv av vanleg buksbom.

Buksbom (vitskapleg namn:Buxus) er giftige (inneheld alkaloider), seintveksande, alltid grøne og vanlegvis små buskar i buksbomfamilien. Buksbom kan verte fleire hundre år gamal.

Vanleg buksbom (vitskapleg namn: Buxus sempervirens) veks i områda kring Middelhavet, i Lilleasia og Kaukasus, og vert i Noreg nytta som hageplante i dei kyststroka med mildaste vintrane frå Oslofjorden og nordover mot Vestlandet. Busken har stive greiner og veks i ein open og rund form. Knoppane er er eggforma med grøne skjel. Blada er ovale eller tilnærma sirkulære med ei rett «avskåre» tupp, tjukke, med blank og sterkt grøn overside og matt grøn underside. Blomane er gulgrøne, sit samla ved bladhjørna og angar med ei karakteristisk, god duft. Frukta er ein kapsel med tre rom, men frøa treng eit varmare klima enn her i landet for å modne. Veden er gulaktig og særs hard og tung og egnar seg godt for biletskjering, til plater for trestikk (xylografi), til musikkinstrument (blåseinstrument som til dømes obo), og vart i tidlegare tider ofte nytta til verkty av ulike slag.


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Buksbom
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk