Bulgaria i Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bulgaria

Offisielt Bulgaria

Bŭlgarska natsionalna televiziya
Uttakingar
Nasjonalt 5
Internt 2
Deltaking
Debutår 2007
Deltakingar 7
Beste resultat
Finalen 2 (2014)
Verste resultat
Finalen Sist (2008)
Poeng
Totalt 608

Bulgaria debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2007 i Rotterdam, Nederland, med songen «Bonbolandiya», framført på bulgarsk av gruppa Bon-Bon. Dei enda på sjuande plass. I 2009 trakk Bulgaria seg, og deltok ikkje i Kiev og i 2010-versjonen i Minsk.

I 2011 deltok dei i Jerevan, etter to år vekke i frå tevlinga. I 2012 valde dei å ta ein pause frå tevlinga igjen, og deltok heller ikkje i 2013-versjonen i Kiev.

I 2014 returnerte Bulgaria til tevlinga som vart arrangert på Malta. Bidraget vart valt internt av den bulgarske kringkastaren og valde Krisia Todorova og Hasan & Ibrahim og songen «Planetata Na Detsata» til å representere landet. Dei enda på andre plass med 147 poeng.

I 2015 arrangerte Bulgaria tevlinga i Arena Armeets i Sofia. Det var fyrste gongen Bulgaria arrangerte ei Eurovision-tevling. Proglamleiar for tevlinga var artisten Poli Genova, som har delteke i Eurovision Song Contest to gongar, i 2011 og 2016. 17 land deltok det året.

Bidraga i Junior Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

År Artist Song Språk Plass Poeng
2007 Bon-Bon «Bonbolandija» Bulgarsk 7 86
2008 Kristiana Krăsteva «Edna metsja» Bulgarsk 15 15
2011 Ivan Ivanov «Supergeroj» Bulgarsk 8 60
2014 Krisia, Hasan & Ibrahim «Planet of the Children» Bulgarsk 2 147
2015 Gabriela Jordanova og Ivan Stojanov «Tsvetăt na nadezjdata» Bulgarsk 9 62
2016 Lidia Ganeva «Vălsjeben den» Bulgarsk og engelsk 9 161
2021 Denislava og Martin «Voices of Love» Bulgarsk og engelsk 16 77

Røystehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Bulgaria har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1 Armenia 64
2 Russland 48
3 Georgia 42
Kviterussland
5 Malta 38

Bulgaria har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1 Nord-Makedonia 41
2 Italia 38
Nederland
4 Malta 34
5 Georgia 30

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Vertskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Programleiarar
2015 Sofia Arena Armeets Poli Genova

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]