Junior Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Eurovision (fleirtyding).

Junior Eurovision Song Contest (JESC) er ein musikkonkurranse for born mellom 10 og 15 år, basert på Eurovision Song Contest som har blit arrangert årleg sidan 2003. Den vart fyrst arrangert i Danmark i 2000 under namnet Dansk Melodi Grand Prix Junior. I 2002 vart resten av dei skandinaviske landa med, då gjekk konkurransen under namnet Melodi Grand Prix Junior Nordic, og frå og med 2003 vart konseptet utvida i samarbeid med Den europeiske kringkastingsunionen til å omfatte heile Europa og konkurransen fekk frå dette året namnet Junior Eurovision Song Contest.

Teksten må vere på eit av dei nasjonale språka i landet dei bur i. Men det finst unntak – Georgia som song på eit kunstig språk i 2008 og Nederland som song på nederlandsk og engelsk i 2009. Songen må vare mellom to minutt og 30 sekundar og to minutt 45 sekundar. Når dei er ferdig å skrive tekst og melodi, kan dei sende songen til TV-kanalen som har den nasjonale finalen. Sidan 2005 har alle land fått 12 poeng før avstemminga. Avstemminga fungerer på same vis som i Eurovision Song Contest.

I 2006 heldt Danmark, Sverige og Noreg igjen ein egen Melodi Grand Prix Junior Nordic, i protest mot behandlinga av borna i den europeiske utgåva. Dermed blir det kvart år arrangert to europeiske finalar i Melodi Grand Prix for unge: ein for Norden og ein for resten av Europa.

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

32 land har delteke minst ein gong i tevlinga. Her er ei oversikt over desse landa etter kva år dei debuterte:

År Land som debuterte i tevlinga
2003 Flagget til Belgia Belgia, Flagget til Danmark Danmark, Flagget til Hellas Hellas, Flagget til Kviterussland Kviterussland, Flagget til Kroatia Kroatia, Flagget til Republikken Kypros Kypros, Flagget til Latvia Latvia, Det makedonske flagget Makedonia, Flagget til Malta Malta,
Det nederlandske flagget Nederland, Flagget til Noreg Noreg, Flagget til Polen Polen, Flagget til Romania Romania, Flagget til Spania Spania, Det britiske flagget Storbritannia, Flagget til Sverige Sverige
2004 Flagget til Frankrike Frankrike, Flagget til Sveits Sveits
2005 Flagget til Russland Russland, Flagget til Serbia og Montenegro Serbia og Montenegro[1]
2006 Flagget til Portugal Portugal, Flagget til Serbia Serbia[2], Flagget til Ukraina Ukraina
2007 Flagget til Armenia Armenia, Flagget til Bulgaria Bulgaria, Flagget til Georgia Georgia, Flagget til Litauen Litauen
2010 Flagget til Moldova Moldova
2012 Flagget til Albania Albania, Flagget til Aserbajdsjan Aserbajdsjan, Flagget til Israel Israel
2013 Flagget til San Marino San Marino
2014 Flagget til Italia Italia , Flagget til Montenegro Montenegro[2]

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Vertsby og land Vinnarland Vinnarsong Artist Språk
2003 København i Danmark Flagget til Kroatia Kroatia «Ti Si Moja Prva Ljubav» Dino Jelusić Kroatisk
2004 Lillehammer i Noreg Flagget til Spania Spania «Antes Muerta Que Sencilla» María Isabel Spansk
2005 Hasselt i Belgia Flagget til Kviterussland Kviterussland «My Vmeste» Ksenia Sitnik Russisk
2006 Bucureşti i Romania Flagget til Russland Russland «Vesenniy Jazz» Masja Tolmatjova & Nastia Tolmatjova Russisk
2007 Rotterdam i Nederland Flagget til Kviterussland Kviterussland «S Drus'yami» Alexej Zjigalkovitsj Russisk
2008 LimassolKypros Flagget til Georgia Georgia «Bzz...» Bzikebi Kunstig
2009 Kiev i Ukraina Det nederlandske flagget Nederland «Click Clack» Ralf Mackenbach Nederlandsk, engelsk
2010 Minsk i Kviterussland Flagget til Armenia Armenia «Mama» Vladimir Arzumanjan Armensk
2011 Jerevan i Armenia Flag of Georgia.svg Georgia «Candy Music» CANDY Georgisk
2012 Amsterdam i Nederland Flag of Ukraine.svg Ukraina «Nebo» Anastasiya Petryk Ukrainsk
2013 Kiev i Ukraina Flag of Malta.svg Malta «The Start» Gaia Cauchi Engelsk

Forholdet mellom Junior Eurovision Song Contest og Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Nevena Božović som representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 og enda på tredjeplass, representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 som ein del av trioen Moje 3 og vart den fyrste som deltok i Eurovision Song Contest etter å ha delteke i Junior Eurovision Song Contest. Dei enda på ellevteplass i den fyrste semifinalen. Weronika Bochat som var støttevokalist for polske Marcin Mroziński i Eurovision Song Contest 2010, var óg ein del av KWADro som representerte Polen i Junior Eurovision Song Contest 2004.

Tolmachevy Twins som vann Junior Eurovision Song Contest 2006 for Russland var ein del av opningsnummeret i den fyrste semifinalen i Eurovision Song Contest 2009 i den russiske hovudstaden Moskva. I 2014 representerte dei Russland i Eurovision Song Contest 2014 med songen «Shine». Dei kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen, og enda til slutt på sjuandeplass i finalen.

Molly Sandén som representerte Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Melodifestivalen 2009 og 2012, dei svenske uttakingane til Eurovision Song Contest 2009 og 2012. Malin Reitan som representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2005 deltok i Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Mários Tofí som representerte Kypros i Junior Eurovision Song Contest 2004 enda på andreplass i A Song for Europe, den kypriotiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2006. Dani Fernández som representerte Spania i Junior Eurovision Song Contest 2006 deltok i Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011, som ein del av gutegruppa Auryn.

Sophie Debattista og Daniel Testa, som representerte Malta i Junior Eurovision Song Contest 2006 og Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014. Victoria Petryk, som representerte Ukraina i Junior Eurovision Song Contest 2008, deltok i den ukrainske uttakinga i 2014 og enda på andre plass.

I 1992 var Nadia Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting under Eurovision Song Contest 1992. Tolv år seinare, i 2004, var ho programleiar for Junior Eurovision Song Contest på Lillehammer i Noreg saman med Stian Barsnes Simonsen. Ho har óg vore programleiar for Melodi Grand Prix Junior, den norske uttakinga til Junior Eurovision Song Contest. Under Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var Hasnaoui kommentator for Norsk rikskringkasting. I 2010 var ho programleiar for Eurovision Song Contest i Bærum i Noreg saman med Haddy N'jie og Erik Solbakken, og i 2011 og 2012 var ho talsperson for Noreg då røystane vart delt ut.

Ani Lorak som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2008, og delteke i den ukrainske uttakinga i 2005, var programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2009 i den ukrainske hovudstaden Kiev saman med Timur Miroshnychenko og Dmytro Borodin. Zlata Ognevitsj som representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2013, og deltok i dei ukrainske uttakingane i 2010 og 2011, vil vere programleiar for Junior Eurovision Song Contest 2013 i Kiev saman med Timur Miroshnychenko.

Emmelie de Forest som vann Eurovision Song Contest 2013 for Danmark vil delta i pausenummeret under Junior Eurovision Song Contest 2013, og vinnaren av Junior Eurovision Song Contest 2013 vil spele ei førebels ukjend rolle under Eurovision Song Contest 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]