Valletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Valletta
Utsikt over Valletta
Utsikt over Valletta
Byvåpenet til Valletta
Byvåpenet til Valletta

Motto
«Città Umilissima»
Styresmakter
Land
Øy
Malta
Malta
Grunnlagd 1566
Geografi
Flatevidd
 - By

0,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

6 315
  7 491/km²
Koordinatar 35°54′″N 14°31′″EKoordinatar: 35°54′″N 14°31′″E
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.cityofvalletta.org
Plassering
Plassering av  Valletta

Valletta (maltesisk Il-Belt Valletta, ofte kalla Il-Belt, «Byen») er hovudstaden på Malta. Byen hadde 6 315 innbyggjarar i 2005, noko som gjer han til den 27. største i landet. Valletta ligg aust i sentrale delar av øya Malta.

Valletta har ein barokk karakter, men òg element av manierisme, nyklassisisme og hint av moderne arkitektur. Valletta vart hardt råka under den andre verdskrigen, men har likevel klart å halde på den gamle karakteren sin. I 1980 vart Valletta innskrive på UNESCO si verdsarvliste.[1]

Han vart grunnlagd 28. mars 1556 av Jean de Vallette, stormeister i Maltesarordenen.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle namnet på byen som Maltesarordenen gav han var Humilissima Civitas Valletta — «Den mest ærbødige byen Valletta». Etter kvart som det vart bygd bastionar, sperringar og skansar, i tillegg til dei vakre barokke bygningane langs gatene, fekk han tilnamnet Superbissima — «den stolaste».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gate i Valletta

Grunnsteinen til Valletta vart lagt av Stormeisteren av Maltesarordenen, Jean Parisot de la Valette, den 28. mars 1566. Ordenen, som lenge styrte over byen og øya, valde å grunnleggje ein ny by på Xiberrashalvøya like etter at omleiringa av Malta i 1565 var over for å kunna verne betre om ordenen sin posisjon på Malta. Byen vart utforma av Francesco Laparelli, medan mange av dei viktigaste byggverka vart teikna av Gerolamo Cassar. Dei fleste byggverka i Valletta vart derfor bygd av Maltesarordenen.

28. mars 1566 vart byen innvigd. La Valette la sjølv ned den første steinen, der kyrkja Vår Frue av Sigrane ligg i dag. Byplanen var ulik dei andre byane på Malta, som hadde svingete gater og alléar. Valletta hadde rektangulære former utan Collacchio, område som er avgrensa for viktige bygningar. Gatene var vide og rette og gata i midten starta frå byporten og endra opp ved Fort St. Elmo i andre enden.

La Valette fekk aldri sjå byen sin ferdig sidan han døydde 21. august 1568 i ein alder av 74 år. Han vart gravlagd i kyrkja Vår Frue av Sigrane, men etter St. Johannes fellesdomkyrkje vart reist vart leivningane hans ført dit. Grava hans er no omgjeven av gravene til andre stormeistrar.

Etter at riddarane si regjeringstid enda då Napoleon kasta dei ut, vart det britane som tok over. Dei bygde vidare portar, reiv ned gamle bygningar og bygde nye, utvida hus og bygde fleire bustader. Heile byen og infrastrukturen var derimot øydelagd av flyåtak under den andre verdskrigen, mellom anna operahuset frå 1800-talet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Valletta har falle dei siste åra og er i dag redusert til ein tredjedel av det det ein gong var. Byen er likevel framleis det administrative og kommersielle senteret på Malta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Valletta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]