UEFA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Union of European Football Associations (UEFA, fransk: Union des associations européennes de football) er det europeiske fotballforbundet som vart skipa 15. juni 1954 i Basel i Sveits. Forbundet er mest kjend under forkortinga UEFA. EUFA er sjølv medlem av FIFA, det internasjonale fotballforbundet. 26. januar 2007 vart Michel Platini vald til ny president i UEFA etter Lennart Johansson.

UEFA har 53 medlemmer, og av desse har 46 eit aktivt kvinnelandslag. Samtlege lag innanfor den geografiske definisjonen av Europa er medlemmer, med unntak av Monaco, Storbritannia og Vatikanstaten. Til gjengjeld har England, Wales, Skottland, Nord-Irland og Færøyane eigne landslag, på tross av at dei ikkje er sjølvstendige nasjonar.

I tillegg er asiatiske land som Armenia, Aserbajdsjan, Georgia, Israel, Kasakhstan og Kypros medlemmer, og både Russland og Tyrkia, som er geografisk delt til både Europa og Asia, høyrer til UEFA. For Israel var det nødvendig å flytte ettersom dei fleste motstandarane deira i Asia ikkje anerkjende dei, og dermed ikkje ville spele mot dei (mellom 1974 og 1994 spelte Israel i Oseania). Kypros sin geografiske situasjon lét dei velje mellom Europa, Asia og Afrika, og dei valde Europa. Kasakhstan gjekk frå Asia til Europa etter semje med UEFA.

Turneringar[endre | endre wikiteksten]

Noverande[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen arrangerer no følgjande fotballturneringar:

  • EM: Europameisterskap for landslag, som vert halde kvart fjerde år, kor det seinaste var i 2008 i Austerrike/Sveits og det neste er i 2012 i Polen/Ukraina.
  • EM U/21: Europameisterskap for U/21-landslag, som vert halde annakvart år, kor det seinaste var i 2009 i Sverige og det neste er i 2011 i Danmark.
  • UEFA Champions League: Den mest prestisjefylte klubbturneringa i verda. Fungerer også som ei form for uoffisielt europameisterskap for klubblag. Vinnaren av turneringa kvalifiserer seg til FIFA Club World Cup.
  • UEFA Europa League: Ei samanslutning av UEFA sine to tidlegare turneringar UEFA Cup og Intertoto Cup.

Tidlegare[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen har tidlegare arrangert følgjande fotballturneringar:

  • UEFA Intertoto Cup: Ei annleis sommarturnering for klubblag, med tre vinnarar, som får tilgang til UEFA Cup. Avløyste International Football Cup. Turneringa vart spelt for siste gong i 2008.
  • UEFA Cup: Ei turnering for dei «nest-beste» laga i dei nasjonale forbunda, samt for pokalvinnaren. Vart spelt for siste gong i 2008-09-sesongen. Vart bytta ut med UEFA Europa League.
  • UEFA Pokalvinnarane sin Europa Cup: Ei europeisk turnering for pokalvinnarane. Vart spelt for siste gong i 1998.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

År Land Nasjonalt fotballforbund
1954 Flag of Albania.svg Albania
1954 Flag of Austria.svg Austerrike
1954 Flag of Belgium (civil).svg Belgia
1954 Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
1954 Flag of Denmark.svg Danmark
1954 Flag of England.svg England
1954 Flag of Finland.svg Finland
1954 Flag of France.svg Frankrike Fédération Française de Football
1954 Flag of Greece.svg Hellas
1954 Flag of Ireland.svg Irland
1954 Flag of Iceland.svg Island
1954 Flag of Italy.svg Italia Federazione Italiana Giuoco Calcio
1954 Flag of Luxembourg.svg Luxembourg
1954 Flag of the Netherlands.svg Nederland Koninklijke Nederlandse Voetbal Bond
1954 Ulster banner.svg Nord-Irland
1954 Flag of Norway.svg Noreg Norges Fotballforbund
1954 Flag of Poland.svg Polen
1954 Flag of Portugal.svg Portugal Federação Portuguesa de Futebol
1954 Flag of Romania.svg Romania
1954 Flag of Russia.svg Russland, tidlegare Sovjetunionen
1954 Flag of Serbia.svg Serbia, tidlegare Jugoslavia
1954 Flag of Scotland.svg Skottland
1954 Flag of Spain.svg Spania Real Federación Española de Fútbol
1954 Flag of Switzerland.svg Sveits
1954 Flag of Sweden.svg Sverige Svenska Fotbollförbundet
1954 Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia, tidlegare Tjekkoslovakia
1954 Flag of Germany.svg Tyskland Deutscher Fußball-Bund
1954 Flag of Hungary.svg Ungarn
1954 Flag of Wales 2.svg Wales
1960 Flag of Malta.svg Malta
1962 Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros
1962 Flag of Turkey.svg Tyrkia
1974 Flag of Liechtenstein.svg Liechtenstein Liechtensteiner Fussballverband
1988 Flag of San Marino.svg San Marino
1990 Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane Fótbóltssamband Føroya
1992 Flag of Armenia.svg Armenia
1992 Flag of Estonia.svg Estland Eesti Jalgpalli Liit
1992 Flag of Georgia.svg Georgia
1992 Flag of Latvia.svg Latvia
1992 Flag of Lithuania.svg Litauen
1992 Flag of Ukraine.svg Ukraina
1993 Flag of Croatia.svg Kroatia
1993 Flag of Belarus.svg Kviterussland
1993 Flag of Moldova.svg Moldova
1993 Flag of Slovakia.svg Slovakia
1994 Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
1994 Flag of Israel.svg Israel
1994 Flag of Slovenia.svg Slovenia
1996 Flag of Andorra.svg Andorra Federació Andorrana de Fútbol
1996 Flag of Bosnia and Herzegovina.svg Bosnia-Hercegovina
2002 Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
2007 Flag of Montenegro.svg Montenegro

Presidentar i UEFA[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Periode
1. Flagget til Danmark Ebbe Schwartz 19541962
2. Flagget til Sveits Gustav Wiederkehr 19541972
3. Flagget til Italia Artemio Franchi 19721983
4. Flagget til Frankrike Jacques Georges 19831990
5. Flagget til Sverige Lennart Johansson 19902007
6. Flagget til Frankrike Michel Platini 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]