Nelliktre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nelliktre


Syzygium aromaticum - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-030.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Angiospermae
Eudicotyledoneae
Rosidar
Orden: Myrtales
Familie: Myrtaceae
Slekt: Syzygium
Art: S. aromaticum
Vitskapleg namn
Syzygium aromaticum
(L.) Merrill & Perry

Nelliktre (lat. Syzygium aromaticum, Eugenia caryophyllata o.a.) er eit opptil 12–15 meter høgt eviggrønt tre av myrtefamilien som opphavleg stammar frå Indonesia. Dei umogne blomsterknoppane frå nelliktreet blir tørka og bruka som krydder. Krydderet er kjent under fleire namn, som t.d. kryddnellik, kryddenellik, kryddernellik, nellikspikar eller rett og slett nellik.

Nellikspikar

Om ordet nellik[endre | endre wikiteksten]

Sjølve ordet nellik er eit lån frå tysk Nelke, som i sin tur er ei samandraging av (Gewúrz-)Negelken, ‘(krydder-)negl’. På nederlandsk er dette sambandet òg tydeleg, med namnet kruidnagel, eller ‘kryddernegl’. Den engelske nemninga «clove» er lånt frå fransk clou, ‘negl’. Det er uvisst, men relativt sannsynleg, at den hebraiske kryddernemninga צִפּוֹרֶן [ṣippōren] med opphavleg tyding ‘negl’ eller ‘klo’ som er bruka om eit av kryddera i tempelrøykjelsen,[1] står for kryddnellik.[2] Rashi hevda derimot at ṣippōren var ei urterot som er «slett og gjennomsiktig som ein fingernegl».

Blomar frå nelliktreet.

Dyrking og handel[endre | endre wikiteksten]

Kryddernellik oppstod på Molukkane, og dyrkinga føregjekk lenge berre i øygruppa. Nellikhandel føregjekk på 2000-talet f.Kr., med funn frå om lag 1720 f.Kr. i Syria. Krydderet var også tidleg kjend i Kina. Under koloniseringstida tok først portugisarane og seinare nederlendarane kontroll over den innbringande handelen. Rundt 1800 blei planten innført til Mauritius og Zanzibar. Opphavslandet Indonesia er framleis viktig som nellikdyrkar, men Madagaskar er blitt eit like viktig opphavsland. Ein produserer òg nellik i India og Tanzania (på Pemba og Zanzibar) og på Sri Lanka.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Skinke med nellikspiker.

Nellikspiker er tørka blomeknoppar frå nelliktreet. Dei kan brukast heile eller malne i matlaging, men gjev ein sterk smak og bør brukast med måte. Krydderet blir brukt over heile verda, men har ulike bruksområde. I Europa blir det helst brukt i ost, som norsk nøkkelost, og i baking, til dømes av nokre typar peparkaker, men finst også i særskilde middagsrettar. I indisk matlaging er nellik utbreidd, som ein del av krydderblandinga garam masala, retten biryani og i indisk te. I kinesisk matlaging er nellik med i femkrydderblandinga.

I Indonesia blir nellik brukt i sigarettar, såkalla kretek. I kinesisk og japansk tradisjon blir krydderet brukt til røykjelse. Nellikessens blir også brukt til å laga parfyme. Ein europeisk tradisjon er nellikappelsin, som ein lager ved å stikka nellik inn i ei appelsin.

Nellik blir brukt som urtemedisin, mellom anna mot munnplager og tannverk

Anna[endre | endre wikiteksten]

Latinske namn[endre | endre wikiteksten]

Nelliktreet går under mange ulike latinske namn:

  • Eugenia caryophyllata
  • Eugenia caryophyllus
  • Eugenia aromatica
  • Caryophyllus aromaticus
  • Jambosa caryophyllus
  • Myrtus caryophyllatus
  • Syzygium aromaticum (stundom skrive Sizygium aromaticum eller Syzigium aromaticum)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 2. mos. 30:34; Talmúd Jerusjalmí, Jomá IV:5 (23a); Talmúd Bablí, Keritót 6a
  2. Dette synet er mellom anna sett fram av Moses Mendelssohn i kommentaren hans til 2. mos. 30:34.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]