Bylotøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplassering av Bylotøya
Byam Martinfjella på Bylotøya

Bylotøya ligg utfor nordenden av Baffinøya i Nunavut-territoriet i Canada, på i kring 71 grader nordleg breidd. Ho har ei flatevidd på 11067 km².

Øya er den største i verda som aldri har hatt fast busetnad. Men inuittar frå Pond Inlet og andre stader reiser nokså jamnleg til Bylotøya. I jaktsesongen nyttar inuittar ein leir sørvest for Camp Graham Moore.

Fjella på Bylotøya er del av Byam Martinfjella, som høyrer til Baffinfjella i den arktiske cordilleraen. Angilaaqfjellet (1951 moh) er det høgste, andre høge fjelltoppar er Malikfjellet, Mount St. Hans og Mount Thule. Stupbratte berg langs kystlina er danna av prekambrisk dolomittstein. Om lag halve øya er dekt av is. Fleire av bretungene kalvar i sjøen.

Sirmilik nasjonalpark dekker mest heile øya. I dei stupbratte fjellsidene finst store koloniar av polarlomvi (over 300000), snøgås (100000) og krykkje. Aust på øya er eit område utpeika til reservat for flyttfugl; Bylot Island Migratory Bird Sanctuary. Over 50 ulike fugleartar er observert. Øyas strender mot Lancastersundet i nord er ein yngleplass for isbjørn. Kvitkval, grønlandskval, grønlandssel og ringsel er tidvis oppunder kysten.

Øya er oppkalla etter oppdagaren Robert Bylot.