Mariah Carey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mariah Carey ved Oscar-utdelinga i 2010.

Mariah Carey (fødd 27. mars 1970) frå Long Island i delstaten New York er ein USA-amerikansk popsongar og låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Carey debuterte i 1990 med albumet Vision of love. Ho vart kjend for sin særeigne syngemåte, som er inspirert av soul, jazz og pop. Ho har hatt stor suksess i USA, Storbritannia og Australia. Særleg slo albumet Daydream frå 1995 godt an. Albumet inneheld låtar som «Fantasy» og «Always Be My Baby». Då singelen «My All» i 1998 toppa salslista i USA, vart ho den kvinnelege artisten med flest topplasseringar på denne lista.

I Noreg har suksessen vore noko mindre. Mellom hennar mest populære utgjevingar i Noreg er singlane «Hero» (1993) og «When You Believe» (1998, duett med Whitney Houston). Albumet Music Box (1993) selde over 200 000 eksemplar i Noreg.

Mange av komposisjonene og dei fleste tekstane har Carey sjølv skrive, anten åleine eller i samarbeid med andre. Mellom anna har ho fått hjelp med songane av Walter Afannassieff, Diane Warren og Carole King.

Carey har samarbeidd med ein rekke artistar. Westlife, Whitney Houston, Puff Daddy, Boyz II Men, Jay-Z og Luther Vandross er mellom desse.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mariah Carey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]