Carl Falsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Falsen

Carl Valentin Falsen (27. mai 178714. april 1852) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var stortingspresident i 1822, 1833, 1845 og -48.

Falsen var fødd i Kristiania. Student vart han i 1803, og cand. jur. i 1806. Han arbeidde så i den norske regjeringskommisjonen og som justissekretær i overkriminalretten, sidan regimentskvartermeister og auditør ved 2. akerhusiske regiment frå 1807. I 1813 vart han by- og rådstueskrivar i Trondheim, og frå 1822 byfut attåt. 1826 utnemnd til sorenskrivar i Eiker, Modum og Sigdal. Frå 1839 var han amtmann i Bratsberg, og til sist 1846-52 stiftamtmann i Kristiansand samt amtmann for Lister og Mandals amt.

Falsen deltok frå 1818 på fylgjande storting: 1818, 1821 og 1822 som representant frå Trondheim, 1830 og alle ting til og med 1839 representerte han Buskerud, 1842 og 1845 frå Bratsberg og 1848 frå Kristiansand. På 1818-tinget var han formann i fem av dei tjue komiteane han var med i. I 1821 vart han vald til president i Lagtinget, på det overordentleg storting 1822 var han stortingspresident. Han var i 1821 med i 17 komitear, formann i seks av dei. På tinget i 1822 var han formann i komiteen om statsrevisjonens merknader til eldre reknskap. I 1830 var han både stortingspresident og president i Odelstinget, samt formann i justiskomiteen. Også i 1833 var han stortingspresident, og formann i konstitusjonskomiteen. Tre åre seinare var han visepresident i stortinget og odelstingspresident, pluss formann i justiskomiteen. Dei same verva hadde han også på omframstortinget 1836-37. Same presidentposisjonane kledde han i 1839, men var då formann i bankkomiteen. På tinget i 1842 var han odelstingspresident og leia to komitear, valkomiteen og justiskomiteen. Under båe sesjonane 1845 og 1848 var Falsen stortingspresident og formann i valkomiteen. I 1845 var han i tillegg formann i justiskomite nr 1, medan han i 1848 var formann i fullmaktskomiteen og i konstitusjonskomiteen.

Falsen var medlem av riksretten mot Herman Wedel Jarlsberg og Thomas Fasting i 1821-22.

Han vart i 1847 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. I 1822 hadde han motteke Nordstjerneordenen.

Carl Falsen var son av justitiarius Enevold Falsen og ein yngre bror av Christian Magnus Falsen. Han døydde i Kristiansand, tre månader etter han fekk avskjed frå amtmannsembetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania 1914, side 234-235, digital utgåve
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
  • Biografisk informasjon om Carl Falsen Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes politikararkiv