Catania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Catania
Cataniavistaarea.jpg
Plassering
Catania is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Catania
Borgarmeister Umberto Scapagnini
Geografi
Flatevidd
 - By

180 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

304 144
  1694/km²
Koordinatar 37°31′″N 15°4′″EKoordinatar: 37°31′″N 15°4′″E
Høgd over havet 7 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 95100
Telefon-retningsnummer 095
Nettstad: www.comune.catania.it

Catania (latin Catana og Catina, arabisk Balad-al-Fil eller Medinat-al-Fil, Wadi Musa og Qataniyah) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Catania i regionen Sicilia. Med om lag 300 000 innbyggjarar er han den tiande største byen i landet og den nest største på Sicilia. I storbyområdet bur det om lag 750 000 innbyggjarar.

Catania ligg på austkysten av øya, om lag halvvegs mellom Messina og Siracusa og ligg ved foten av den aktive vulkanen Etna.

Gamlebyen i Catania står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

u Liotru er symbolet på byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Alle forfattarane frå antikken skriv om Catania som ein gresk koloni kalla Κατάνη (Katánē) av innbyggjarar frå Khalkída. Innbyggjarane reiste ikkje direkte frå Hellas, men frå den nærliggande byen Naxos. Den eksakte datoen han vart grunnlagd er ikkje kjend, men det var truleg rundt 730 fvt..(Thuc. vi. 3; Strabius vi. p. 268; Scymn. Ch. 286; Scyl. § 13; Steph. B. s. v.)

I den første punarkrigen var Catania av dei første byane på Sicilia som vart erobra av romarane i 263 fvt.. Sjølv om byen ikkje fekk alle dei same privilegiane som nabobyane sine (Taormina og Messina) hadde han eit godt forhold til Roma og blømde stort under deira styre. Byen vart øydelagd under herjingane til Pompeius og Augustus sende derfor ein koloni til byen som bygde han opp att. Han skal då ha fått tilbake den tidlegare velstanden og stordomen sin. (Strab. vi. s. 268, 270, 272; Dion Cass. iv. 7.)

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I 535 vart Catania tatt av gotaren Belisarius og kom seinare under Austromarriket som ein av dei viktigaste byane på øya. Catania vart råka av øydeleggjande jordskjelv i 1169 og 1693, og av lavastraumar som rann gjennom byen eller rundt han og ut i sjøen. Det første sicilianske universitetet vart grunnlagd her i 1434.

Plasseringa[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa til Catania ved foten av Etna var i følgje Strabius både ein stor fordel og ein stor bakdel. Dei kraftige utbrota frå vulkanen la stundom område rundt byen aude, medan den vulanske oska gav særs god jord for å drive jordbruk, særleg for å dyrke vindruer. Eit kraftig utbrot i 121 fvt. skal ha råka byen så hardt at den varme oska som fall frå vulkanen fekk bygningane til å rase saman. Catania vart derfor fritatt dei vanlege skattane til Roma i ein periode på 10 år. Hamna i Catania vart fyllt igjen av eit utbrot i 1669.

Demografisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Catania

Kjelder[endre | endre wikiteksten]