Provinsen Catania
| Nasjon | |
| Region | Sicilia |
| Hovudstad | Catania |
| Areal | 3 552 km² |
| Folketal (2005) | 1 073 881 |
| Folketettleik | 302/km² |
| Kommunar | 58 |
| Bilnummer | CT |
| Postnummer | 95100, 95010-95049 |
| Retningsnummer (tlf) | 095, 0942, 0933 |
| President | Raffaele Lombardo |
| Plasseringa til Catania i Italia | |
Provinsen Catania (italiensk Provincia di Catania; siciliansk Pruvincia di Catania) er ein provins i regionen Sicilia i Italia. Hovudstaden er byen Catania. Han har eit areal på 3 552 km² og totalt 1 073 881 innbyggjarar (2005).
Provinsen grensar til Det joniske havet i aust, provinsen Messina i nord, provinsen Enna og provinsen Caltanissetta i vest og provinsen Siracusa og provinsen Ragusa i sør.
Det er 58 kommunar i provinsen og dei største av desse er:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Catania | 305 717 |
| Acireale | 52 394 |
| Paternò | 49 006 |
| Misterbianco | 46 251 |
| Caltagirone | 39 299 |
| Adrano | 35 779 |
| Gravina di Catania | 28 018 |
| Aci Catena | 27 992 |
| Giarre | 26 821 |
| Mascalucia | 26 284 |
| Biancavilla | 23 308 |
| Belpasso | 22 032 |
| Tremestieri Etneo | 21 362 |
| San Giovanni la Punta | 20 526 |
| Bronte på Sicilia | 19 147 |
| Aci Castello | 18 084 |
| Scordia | 17 168 |
| Aci Sant'Antonio | 16 796 |
| Palagonia | 16 393 |
Endringar [endre]
Det har vorte diskutert i mange år om ein skal dele provinsen Catania opp i tre separate provinsar, der den sørlege delen vert provinsen Caltagiorne, området nordaust for Etna vert provinsen Acireale-Giarre-Taormina. Den nye provinsne vil innehalde alle kommunane sør for elva Simeto i tillegg til kommunane Ragusa og Caltanisetta. Det var ei folkeavstemming i 1990-åra for å avgjere dette, men fleirtalet stemde nei, og ingenting har vorte gjort etter den tid.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Province of Catania frå Engelsk Wikipedia .