Khalkída
| Khalkída Lokalt namn: Χαλκίδα |
|
|---|---|
Den gamle brua i Khalkída |
|
| Geografi | |
| Stad | Sentral-Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 412,4 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Évvia |
| Hovudsete | Khalkída (59 125 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 102 223 (2011) |
| Folketettleik | 240,7 /km² |
Khalkída (gresk Χαλκίδα), òg skrive Khalkis, Halkida, Halkis, Chalkida, Chalcis eller Chalkis) er ein by og ein kommune på øya Évvia. Han er hovudstad i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas i Hellas. Han ligg ved det smalaste punktet i Évripossundet. Namnet er bevart sidan antikken og kjem av det greske ordet χαλκός, som tyder kopar eller bronse), sjølv om det ikkje er spor etter gruver i området.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Antikken [endre]
Den tidlegaste skriftlege kjelda om Khalkis (Khalkída) er frå Iliaden (2.537), der han vert nemnd i lag med rivalen Erétria. Graver ved Trypa og Vromousa frå den mykenske perioden vart greve ut av Papvasileion i 1910. På 700- og 600-talet fvt. grunnla kolonistar frå Khalkída tretti bysamfunn på halvøya Khalkidikí og fleire viktige byar på Sicilia. Mineralar, metallarbeid og purpurfarga klede og kermaikk vart fordelt over heile Middelhavet i skip frå Korint eller Sámos.
Med hjelp frå desse allierte gjekk Khalkída til krig mot nabobyen Erétria i den såkalla lelantinarkrigen, der han vann til seg dei beste jordbruksområda på Évvia og vart den viktigaste byen på øya. Tidleg på 500-talet fvt. tok velstanden slutt etter ein katastrofal krig mot atenarane, som kasta ut det styrande aristokratiet og oppretta ein klerukh her. Khaklis vart så medlem av Det athenske forbundet.
I den hellenistiske perioden vart festninga i byen nytta av makedonske herskarar, som kontrollerte Sentral-Hellas. Han vart nytta som base av kongane Antiokhos den store (192 fvt.) og Mithradates VI av Pontos (88 fvt.) for invasjonar av Hellas.
Romersk styre og tida etter [endre]
Som ein del av Romarriket oppnådde Khalkída igjen velstand som handelsby, og etter 500-talet evt. hadde han igjen ei festning som verna Sentral-Hellas mot invasjonar frå nord. Frå 1209 kom han under ventiansk kontroll. I 1470 gjekk han vidare til Det osmanske riket, som gjorde han til sete for ein pasha. I 1688 stod han imot eit kraftig åtak frå venetianarane.
Den moderne byen [endre]
Byen fekk jernbanesamband med Aten og Pireus i 1904 og eksporten av varer auka kraftig. Ein stor del av dei gamle bymurane raste saman under eit jordskjelv i 1894. I 1899 vart Khalkída hovudstad i prefekturet Évvia.
Bruene [endre]
Byen er i dag forbunde til det greske fastlandet via to bruer. Det vart bygd bru over Évripossundet, som skil byen frå fastlandet, alt i 411 fvt.. Under Justinian vart brua erstatta av ein brukonstruksjon som kunne flyttast, før tyrkarane erstatta denne med ei fast bru. I 1856 vart det bygd ei svingbru av tre og i 1896 ei svingbru av jern. I 1962 var ei glidebru bygd, medan hengebrua sør for byen vart opna i 1993.
Administrativ inndeling [endre]
Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane
- Khalkída
- Anthidóna
- Avlída
- Lilándia
- Néa Artáki
Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (gresk)
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Chalcis frå Engelsk Wikipedia .