Cathrine Larsåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cathrine Larsåsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1986 (37 år)
Oslo
Idrett friidrett

Cathrine Larsåsen (fødd 5. desember 1986) er ein norsk friidrettsutøvar, fødd og oppvaksen i Oslo. Ho vart nummer åtte i stavhopp under EM i friidrett 2010 i Barcelona og vann ti strake noregsmeisterskap i stavhopp. Larsåsen, som er medlem av IL i BUL i Oslo, var norsk rekordholdar i stavhopp, med 4,40 meter, frå 2011 til 2018

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Larsåsen var den dominerande stavhopparen i Noreg allereie frå ho var 17 år gammal. Ho tok det fyrste NM-gullet i 2004 med eit hopp på 3,40 m. Dette innleia ei sigersrekke i noregsmeisterskapane som skulle strekke over ti samfulle år, 2004-13.

I 2005 forbetra ho den ni år gamle noregsrekorden i stavhopp, tilhøyrande Anita Tomulevski, med ein centimeter til 3,81 meter. Under eit stemne i Sandnes 10. juni 2006 vart ho fyrste norske kvinne som tok seg over fire meter i stav, då ho klarde 4,01 m. I juli 2006 sette ho sin fjerde noregsrekord for året ved å gå over 4,03 m i Bergen.

Gjennom 2007-sesongen forbetra Larsåsen den norske stavrekorden fem gongar, frå 4.11 m i juni til 4,21 m i august i Tønsberg. Den 19. juni 2008 la ho på til 4,30 m i Trondheim, den einaste rekordforbetringa den sesongen. I juli månad 2010 forbetra ho rekorden tre gongar, under tevlingar i Sverige, Belgia og Spania. Siste rekordforbetringa fann stad under kvalifiseringa i friidretts-EM i Barcelona, der ho svinga seg til finaleplass med eit hopp på 4,35 m. I EM-finalen gjentok ho prestasjon og tangerte den blodferske noregsrekorden. Ho vart dermed nummer åtte i meisterskapen.

Den 6. august 2011 sette ho norsk rekord med 4,40 meter då ho vann den danske meisterskapen i stavhopp. Nokre veker seinare mislukkast ho på opningshøgda 4,10 m under friidretts-VM i Daegu. Heller ikkje i friidretts-EM 2012 i Helsingfors vart det nokon suksess, ho klarde 4,15 m i kvalifiseringa og vart nummer 20.

I 2013 spelte Larsåsen inn ein reklamefilm for det Malta-registrerte tippefirmaet Unibet. Norges Idrettsforbund nekta henne då å representere Noreg, noko som førte til at ho braut avtalen med Unibet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]