Celestsylfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Celestsylfe
Celestsylfehann
Celestsylfehann
Celestsylfehoe
Celestsylfehoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Celestsylfe
Utbreiinga av Celestsylfe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Sylfar Aglaiocercus
Art: Celestsylfe A. coelestis
Vitskapleg namn
Aglaiocercus coelestis

Celestsylfe (Aglaiocercus coelestis) er ein kolibriart i stammen Lesbiini av underfamilien Lesbiinae. Han lever i og ved fuktig tåkeskog, relativt lågt på grensa mellom subtropisk og temperert skog i eit belte langs Andesfjella i Colombia og Ecuador. Celestsylfe er ein av tre sylfar og har to underartar, A. c. coelestis og A. c. aethereus.[1] Sistnemnde underart lever isolert eit avgrensa område i sørvestlege Ecuador.

Artsepitetet coelestis i det vitskapelege namnet er frå latinsk 'coelestis' eller 'caelestis': «himmelsk, strålande».[2] 'Celest' i det norske artsnamnet har same opphav, gjennom fransk 'céleste', «himmelsk».[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannfuglar har kort, rett, svart nebb, skinnande grøn krone og overside, som blir fiolettblå på overgumpen. Dei har ein brungul flekk bak auget, eit fiolettblått stupeområde og grøn underside. Dei indre halefjørene er korte og dei ytre ekstremt lange, fjørene er iriserande metallfiolette med blå spissar. Hofuglane har ei glitrande blå krone og flekken bak auget er kvitaktig; elles er oversida som hos hannar. Strupen deira er kvit med grøne flekker og er skilt med eit kvitt brystband mot den kanelraude undersida. I motsetnad til hannen har hoa ein kort hale som ikkje er kløfta, halen er blågrøn med kvite spissar på dei ytre fjørene. Juvenile fuglar har matt grøn overside, gulgrøn underside og brune frynsar på hovudfjørene. Kroppsvekta for begge kjønn er 4,6 til 5,2 gram, hoa er 9,5 til 9,7 cm lang, hannen 18 til 21 cm medrekna halen på 10 til 15 cm.[2]

Hannar av underarten A. c. aethereus har eit grønt strupeområde og hoer ein lett flekka hals, men begge har elles i hovudsak fjørdrakt som nominatunderarten.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Celestsylfen lever langs stillehavsskråninga av vestlege Andes-fjellkjeda i Colombia, inn i nordlege og sentrale Ecuador, på begge sider av Andes. Underarten A. c. aethereus finst i Andes-stillehavsskråninga i det sørvestlege Ecuador mellom El Oro og Loja-provinsane.[4] Arten lever i tåkeskog og halvopne landskap som overgangen frå skog til grassletter og grasmark med tre og buskar. Han er mest talrik ved omtrent 1 000 moh., men høgdområdet spenner mellom 300 m og 2 100 moh.[2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Celestsylfe er vanlegvis ein standfugl, men gjer nokre sesongmessige høgderørsler for å følgje blomstringshendingar. I det sørvestlege Colombia er han dominerande i den tørre årstida frå januar til april, men blir erstatta i stor grad av andessylfen i den våte årstida.[2]

Dietten til celestsylfen er nektar og små insekt. Han søkjer for det meste nær bakken, men stig òg opp til trekronehøgd.[2] Han vitjar blomstrande plantar i ei fast sirkulær rute, hannane kan nokre gonger også forsvare spesifikke beiteområde. Vanlegvis klamrar dei seg til blomstrane med klørne når dei tar nektar, sjølv om dei òg kan stille ved blomstrane for å suge nektar.[5] Det førekjem at dei punkterer kronblada for å ta nektar, nektartjuveri.[4] Han fangar insekt ved å jakte frå ei grein eller ved å plukke frå vegetasjon.[2]

Hekkesesongen for celestsylfe spenner frå oktober til februar. Begge kjønn byggjer reiret, eit overbygd reir av mose og edderkoppnett med ein sideinngang plassert i ein mose- eller epifytterklump. Reiret blir brukt til overnatting utanom hekkesesongen. Hoa rugar dei to kvite egga i 15 til 17 dagar; ungane flyg ut frå reiret 26 til 30 dagar etter klekking.[2]

Songen til celestsylfe er «ein kontinuerleg serie med korte tonar, 'psit..psit..psit..'.» Ropa har fleire variantar av skarpe og høglydte lydar.[2]

Status[endre | endre wikiteksten]

Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert celestsylfen til å vere livskraftig (LC) jamvel om utbreiingsområdet er avgrensa, og sjølv om bestandsstorleiken ikkje er kjend, blir han trudd å ha stabil populasjon.[6] Han er vanleg i tåkeskog, finst i fleire verna område, og tilpassar seg menneskeskapte habitat så lenge det også finst skogsområde.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. august 2023. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 Schuchmann, K.L. and P. F. D. Boesman (2020). Violet-tailed Sylph (Aglaiocercus coelestis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.vitsyl1.01
  3. «celest» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. 4,0 4,1 Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, s. 289, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  5. Hilty, Steven L.; Brown, William L. (1986). A guide to the Birds of Colombia. Princeton Field Guides. Princeton University Press. s. 296. ISBN 069108372X. 
  6. BirdLife International (2016). «Violet-tailed Sylph Aglaiocercus coelestis». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22688059A93181951. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22688059A93181951.en. Henta 6. august 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Celestsylfe