Charles Colbert de Croissy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Colbert, marquis de Croissy.

Charles Colbert, marquis de Croissy (162528. juli 1696) var ein fransk statsmann og diplomat.

Som den eldre bror hans, Jean Baptiste Colbert, starta han karrieren sin hos krigsminister Le Tellier. I 1658 vart han leiar av den nyskapte regionen Alsace, som nyleg var annektert av Frankrike. I 1662 vart han marquis de Croissy og président à mortier i parlementet i Metz. Etter fleire diplomatiske reiser til Tyskland og Italia vart han etter kvart diplomat på fulltid. I 1668 representerte han Frankrike på konferansen i Aix-la-Chapelle og same året vart han sendt til London som ambassadør, der han forhandla fram den endelege Dover-traktaten med Karl II. Han overtalte mellom anna Karl II til å erklære den tredje engelsk-nederlandske krigen mot Dei sameinte Nederlanda.

Forhandlingane i freden i Nijmwegen (1676–1678) styrkte ryktet hans som diplomat og Ludvig XIV gjorde han til statssekretær for utanrikssaker.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]