Metz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metz
Brua Moyen Pont over Mosel
Brua Moyen Pont over Mosel
Flagget til Metz Byvåpenet til Metz
Flagget til Metz Byvåpenet til Metz
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Moselle
Geografi
Flatevidd
 - By

41,94 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

124 300
  2 951/km²
Koordinatar 49°07′13″N 6°10′40″EKoordinatar: 49°07′13″N 6°10′40″E
Høgd over havet 179 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: http://www.mairie-metz.fr/
Plassering
Metz dot.png

Metz er ein by nordaust i Frankrike, og hovudstad i regionen Lorraine og préfecture (administrasjonsstad) i departementet i Moselle. Byen ligg der elvane Mosel og Seille renn i hop. Byen har om lag 124 000 innbyggjarar.

Sjølv om Nancy var hovudstad i hertugdømet Lorraine og den seinare franske provinsen Lorraine, vart Metz vald som hovudstad i den nye regionen på midten av 1900-talet.

Metz er ei elvehamn og handelsby og har m.a. mat-, metall- og elektroteknisk industri. Ein del av mellomalderbygningane, murar og byportar er bevart, i tillegg til den store gotiske og vakre domkyrkja.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under romartida var den galliske Metz (Mettis) ei viktig grensefestning. Då Frankarriket vart løyst opp i 870 kom byen inn under Lothringen, og seinare under Det tysk-romerske riket der Metz var ein fri keisarby. År 1552 vart byen erobra av franskmennene, som gjorde han til ein sterk festning. Byen vart okkupert av tyskarane under Den fransk-prøyssiske krigen 187071 og vart ein del av Tyskland, men etter den første verdskrigen i 1918 vart byen gjeve tilbake til Frankrike.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Fotballaget FC Metz kjem frå Metz. Dei spelar for tida i Ligue 2, det nest høgaste nivået i fransk fotball.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Metz