Charles Tjessem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Tjessem
Foto: Jarle Vines, 2009

Charles Tjessem (fødd 1972) er ein norsk meisterkokk frå Sandnes.

Charles Tjessem starta som kokk ved Statoil-kantinaForus. Han vart deretter leiar ved Gastronomisk Institutt i Stavanger. I perioden 2000-2004 var han kaptein på det norske kokkelandslaget. I 2005 starta han sin eigen restaurant i Sandnes med namnet Charles og De.

Tjessem vart valt til årets kjøkkensjef i Noreg i 2002. Han var den norske representanten i Bocuse d’Or i 2003 der han vann gull. Hovudingrediensane i gullmåltidet var indrefilet av storfe, oksehalar og norsk fjordaure. I 2003 blei han gjeven «Bragdprisen» av Rogaland fylkeskommune.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]