Costa da Morte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Costa da Morte (tyder «Dødskysten») er ein del av kysten av Galicia i Spania. Costa da Morte strekkjer seg frå landsbyen Fistera til byen Malpica. Den største byen ved kysten her er A Coruña.

«Dødskysten» har fått dette namnet på grunn av dei mange skipsvraka som ligg like utanfor dei farlege klippene. Medan Rías Baixas er verna av ei ujamn kystlinje og mange øyar, er Costa da Morte direkte utsett for Atlanterhavet. Det er eit område som har vorte råka av fleire oljeutslepp, mellom anna frå «Prestige» i 2002.

Det ytre neset er kjen av antropologiske, historiske og geografiske årsaker. Namnet på galisisk er Fisterra, og opphavet til dette namnet går heilt tilbake til førromersk tid då det vart sagt at dette var enden på verda (Finis-terrae). Området vart kristna av den romersk-katolske kyrkja ved at mange kristne pilegrimar reiste hit langs Jakobsvegen.

Folk i området har bevart dei førkristne keltiske ritualstadane og ført med seg noko av den gamle trua. Til dømes finst det store pedras de abalar (ruggesteinar) gjennom heile området. Desse var heilage keltiske stader og nytta i forskjellige rituale som framleis går att i den lokale kulturen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Costa da Morte inkluderer Kapp Finisterre (spansk Cabo Finisterre; galisisk Cabo Fisterra), eit nes som er det vestlegaste punktet i Galicia. Kapp Finisterre er det vestlegaste punktet i Spania, men ikkje i Europa (som er Cabo da Roca i Portugal).

På Kapp Finisterre står eit kjend fyr og i nærleiken ligg byen Fisterra.

Stader langs Dødskysten[endre | endre wikiteksten]

Av byar og landsbyar langs kysten finn ein:

  1. A Coruña
  2. Ensenada do Orzán
  3. Bens
  4. Suevos
  5. Praia de Barrañán
  6. Caión
  7. Praia de Baldaio
  8. Punta do Razo
  9. Punta Falcoeira
  10. Malpica
  11. Illas Sisargas
  12. Barizo
  13. Punta de Nariga
  14. Corme
  15. Balarés
  16. Ria de Laxe
  17. Cabo de Laxe
  18. Praia de Traba
  19. Camelle
  20. Praia do Trece
  21. Cabo Vilán
  22. Camariñas
  23. Muxia
  24. Punta da Barca
  25. Cabo Touriñán
  26. Nemiña
  27. Ria de Lires
  28. Praia do Rostro
  29. Cabo da Nave
  30. Fisterra

Kjelder[endre | endre wikiteksten]