Costa del Sol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Costa del Sol - byar, feriestader og landsbyar.
Bustader.

Costa del Sol («Solkysten») er ein region sør i Spania i den sjølvstyrte regionen Andaluía. Regionen består av kystbyar og feriestader langs Middelhavet i provinsen Málaga. Costa del Sol ligg mellom to mindre kjende kyststriper, Costa de la Luz og Costa Tropical. Tidlegare bestod kysten her berre av nokre små, rolege fiskelandsbyar, men regionen er fullstendig omvandla på siste halvdel av 1900-talet til ein verdskjend turistdestinasjon.

Her ligg byane Málaga, Torremolinos, Benalmádena, Fuengirola, Mijas, Marbella, San Pedro de Alcántara, Estepona, Manilva, Vélez-Málaga, Rincon de la Victoria, Nerja, Torrox, Sotogrande, San Roque og La Línea de la Concepción.

Det har vore busetjingar her sidan bronsealderen og området har vorte styrt av fønikarar, kartagenarar, romarar, vandalar, vestgotarar og maurarar, fram til Reconquista.

Området vart oppdaga og utvikla for internasjonal turisme i 1950-åra og har sidan vore ein populær destinasjon for utanlandske turistar. Området er særleg kjend for byar som Marbella, som har gjeve Costa del Sol rykte for å vere ei leikegrind for rike og kjende folk.

I 1970- og 1980-åra var regionen kjend for at britiske gangsterar flytta hit for å unngå å verte dømd i heimlandet. Her kunne dei leve i luksus og på grunn av det anstrengte forholdet mellom Spania og Storbritannia angåande Gibraltar, vart det ikkje utført utlevering mellom dei to landa. Dette fenomenet har vore opphav til fleire filmar.[1][2]

Costa del Sol er eit populær turistområde som tar imot millionar av turistar årleg.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris Summers. «Life on the 'Costa del Crime'». BBC News. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/2121868.stm. Henta 2008-05-18. 
  2. Judy Hobson. «Hotline puts squeeze on 'Costa del Crime'». BBC News. http://news.bbc.co.uk/1/hi/uk/6203673.stm. Henta 2008-05-18. 
  3. Raul G.T. «Costa del Sol News». Malagaweb. http://www.malagaweb.com/blog/. Henta 2009-06-08. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]