Grøne Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grøne Spania (spansk España Verde) er namnet på nordkysten av Spania mot Atlanterhavet i Galicia. Området går parallelt til Dei kantabriske fjella og Baskarfjella, langs Biscayabukta. Det omfattar Asturias, Cantabria og den nordlege halvdelen av Baskarland frå Galicia til den franske grensa.

Klima og landskap[endre | endre wikiteksten]

Klimatiske område i Spania, det såkalla Grøne Spania ligg heilt i nord.

Området vert kalla «grønt» fordi det har eit vått og temperert maritimt klima som gjer det frodig. Klimaet og landskapet er forma av vindane frå Atlanterhavet som vert pressa opp mot fjella i området og skapar regn. På grunn av fønvinden hamnar sørsida av fjella i regnskugge, så det Grøne Spania står i sterk kontrast til det tørre, indre platået i landet. I kortare periodar med sørvestleg vind over fjella (særleg i oktober og november[1]), vert effekten snudd om, og nordkysten får varm fønvind, medan dei indre områda får regn.

I snitt er den årlege normale nedbøren om lag 1200 mm, mykje høgare enn i indre område av Sentral-Europa, som elles er våtare enn andre stader i Spania. Dei mest utbreidde tresortane i området er bøk og eik. På andre halvdel av 1900-talet (særleg i Galicia) vart dei opphavlege skogane byta ut med plantasjar av eukalyptus og montereyfuru som vart utnytta kommersielt i papirindustrien.

Pyreneane, som stundom vert rekna inn under det same geologiske systemet som Dei kantabriske fjella, vart tidlegare rekna som ein del av Grøne Spania, sjølv om nedbørsmengdene her har forskjellige mønster og landskapet generelt er meir alpint enn maritimt.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Euskalmet, baskisk meteorologisk institutt (spansk)