Costa Blanca
Costa Blanca (tyder «Kvitekysten») er namnet på ei over 200 kilometer lang kystlinje i provinsen Alicante i Spania. Namnet skapt av BEA då dei starta flyrute mellom London og Valencia i 1957. Kystområdet har ein velutvikla turistindustri og er ein populær turistdestinasjon i Europa. Kyststripa strekkjer seg frå byen Denia i nord til Torrevieja i sør. Nord for Denia ligg Costa dels Tarongers og sør for Torrevieja ligg Costa Calida. Dei største turistdestinasjonane på Costa Blanca er Benidorm og Alicante.
Historie [endre]
I 711 e.Kr. invaderte maurarar Spania via Gibraltar og erobra området rundt Alicante i 718. Maurarane var her i nesten fire hundre år og forma landskapet i regionen. Maurarane innførte kunstig vatning og planta appelsin-, fersken- og mandelhagar. Ein kan framleis sjå spor etter terrassane i åssidene etter maurarane. Maurarane var drive heilt bort i 1492 då Ferdinand og Isabella tok kontroll over Granada.
-
Palmer i Elche
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Costa Brava · Costa Dorada · Costa del Azahar · Costa Blanca · Costa Cálida · Costa de Almeria · Costa de Granada · Costa del Sol · Costa de la Luz · Costa de las Rías Bajas · Costa da Morte · Costa Verde · Costa Vasca |