Fuengirola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fuengirola
Fuengirolabeach.jpg
Flagget til Fuengirola Byvåpenet til Fuengirola
Flagget til Fuengirola Byvåpenet til Fuengirola


Plassering
Fuengirola is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Andalucía
Provins Málaga
Borgarmeister Esperanza Oña
Geografi
Flatevidd
 - By

10,2 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

68 646
  6 730 /km²
Koordinatar 36°28′″N 4°37′″WKoordinatar: 36°28′″N 4°37′″W
Høgd over havet 6 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 29640
Nettstad: www.fuengirola.org

Fuengirola, i antikken kalla både Suel og Suhayl, er ein by og ein kommune på Costa del Sol i provinsen Málaga og den autonome regionen i Andalucía i det sørlege Spania. Han er ein stor feriestad med 8 km strender og ei stor maurisk festning. I lag med mykje av kysten her har byen gått gjennom omfattande urban utvikling.

Området har eit subtropisk middelhavsklima med ein årleg middeltemperatur på 18°C.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har opphav i fønikisk, romersk og arabiske sivilisasjonar.

Ved foten av fjellkjeda bak byen ligg ei arabisk borg med ruinar av tidlege iberisk-puniksle eller fønikiske busetnader, som romarane seinare overtok. Under romarane vart byen kalla Suel. I 1961 vart det oppdaga ruinar av romerske bad på staden.

Borga vart bygd av Abderramán III på midten av 900-talet. Byen Suel vart ikkje nemnd frå starten av mellomalderen og utover. Etter fleire hundre år endra namnet seg frå Suel til Suhayl, som vart namnet på borga og området rundt under maurartida. Suhayl vart ein forholdsvis stor busetnad. Det meste av området rundt vart nytta som beitemarker for kamelane til dei mauriske herskarane. Tidleg i mellomalderen vart byen sett i brann og innbyggjarane flykta til Mijas. Suhayl vart ein ruinhaug og namnet vart endra til det romaniserte Font-Jirola, etter kjelda ved foten av borga.

I 1485 stod berre festninga att og busetnaden vart erobra av kristne monarkar. Det vart gjort forsøk på folkesette byen på ny, men det var mislukka og i 1511 var staden registrert som folketom bortsett frå festninga og eit utkikkstårn.

På 1600-talet utvikla ein ny busetnad seg og utover 1700-talet ein liten landsby. Slaget ved Fuengirola fann stad i området under den spanske sjølvstendekrigen den 15. oktober 1810. Om lag 200 polske soldatar frå Hertugdømet Warszawa slo ein blanda britisk-spansk styrke med 3000 soldatar under Lord Blayney.

I 1960-åra vart Fuengirola eit turistsenter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]