Provinsen Málaga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Málaga

Provinsen Málaga (Spanish Provincia de Málaga) er ein provins på sørkysten av Spania, i den autonome regionen Andalucía. Han grensar til provinsane Cádiz, Sevilla og Córdoba og Granada.

Provinsen har eit areal på 7 308 km² og kring 1,3 millionar innbyggjarar. To femtedelar av dei bur i provinshovudstaden Málaga. Málaga har 100 kommunar. Utanom hovudstaden er dei største byane Marbella, Vélez-Málaga, Antequera og Ronda.

Hovudnæringa i provinsen er turisme, særleg langs strendene i Costa del Sol. Desse strendene vert vitja av millionar av turistar kvart år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 36°43′N 4°25′W