Cromarty Firth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Invergordon mot oljeplattformer i Cromarty Firth.

Cromarty Firth (skotsk-gælisk Caolas Chrombaidh, tyder 'Kyles(-sunda) i Cromarty') er ein firth eller fjord i Nordsjøen i Skottland. Han er den midterste av tre fjordarmar eller sealochs i botn av Moray Firth. Lenger nord ligg Dornoch Firth og i sør Beauly Firth.

Ved inngangen til Cromarty Firth ligg to stupbratte klipper — den på nordsida er 122 meter høg og den på sørsida 141 meter. Desse vert kalla «The Sutors» («Skomakarane») sidan dei kan likne på to skomakarar som står bøygd over ein lestane sine. Frå The Sutors strekkjer fjorde seg vestovre og så sørvestover med ei totalt lengd på 30,6 km. Fjorden er i snitt 1,5 km brei, bortsett frå ved Nigg Bay og Cromarty Bay der han er om lag 8 km brei og ved Alness Bay der han er 3 km brei. Langs heile sørsida av fjorden går halvøya Black Isle. Ein har best utsyn over fjorden frå toppen av Fyrish.

Inst i fjorden munnar elva Conon ut. Andre elvar som munnar ut i fjorden er Allt Graad, Coruon, Peffery, Sgitheach og Alness. Dingwallkanalen er knytt til fjorden, men er ikkje i bruk lenger. Dei største busetnadane langs fjorden er Dingwall, nesten heilt inne i fjorden, Cromarty (som fjorden er kalla opp etter) nesten heilt ute og Invergordon i mellom Landsbyane Evanton, Alness og Culbokie ligg i nærleiken.

Inngangen til Cromarty Firth med oljeplattformer i bakgrunnen

Fjorden er ein av dei lunaste og beste ankerplassane i det nordlege Skottland og Invergordon var ein gong ein stor base for Royal Navy. Fjorden var åstad for Invergordon-mytteriet i 1931. Spor etter marinen finst framleis, som ein nedlagd rullebane nær Evanton (i dag eit industriområde) som vart bygd for å ta fly frå hangarskip medan dei låg ankra opp. Under den andre verdskrigen låg det ein stor trenings- og operasjonsbase for amfibiekjøretøy og sjøfly hmellom Invergordon og Alness. Dette er òg eit industriområde i dag.

Fjorden er erklært eit særskilt verneområde for bevaring av dyreliv. Det går ei bru langs A9 over fjorden, som i hovudsak er i vegfylling. Tidlegare gjekk det fleire ferjer over fjorden, men i dag er det berre ei att med kapasitet på to bilar. Ho går mellom Cromarty og Nigg om sommaren.

Oljeindustri[endre | endre wikiteksten]

Cromarty-brual langs A9 over fjorden nordaust for Dingwall

Busetnaden Nigg er eit viktig oljesenter i Nordsjøen. Her finst ein tørrdokk for reparasjon og bygging av oljeplattformer. Verftet vart opna i 1972 som prosjektsamarbeid mellom Kellogg, Brown og Root (då Brown & Root) og George Wimpey. I dag heiter verftet KBR Caledonia Ltd.

Langs fjorden finst fasilitetar for cruiseskip, prosessanlegg for olje og andre maritime aktivitetar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°41′N 4°07′W