Brilleara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cyanopsitta)
Brilleara
Brilleara
Brilleara
Utbreiing og status
Status i verda: EW Utrydda i vill tilstandUtbreiinga av Brilleara
Utbreiinga av Brilleara
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Stamme: Arini
Slekt: Cyanopsitta
Art: Brilleara C. spixii
Vitskapleg namn
Cyanopsitta spixii

Brilleara (Cyanopsitta spixii) er ein papegøyeart som var endemisk for Brasil. Han er medlem av stammen Arini i underfamilien Arinae, «den nye verdas» papegøyar, ein del av papegøyefamilien Psittacidae. Den tyske naturforskaren Johann Baptist von Spix har gjeve namn til arten, han samla eit eksemplar i 1819 på breidda av São Francisco-elva nordaust i Bahia i Brasil. Denne fuglen har vorte fullstendig utrydda frå det naturlege utbreiingsområdet, og etter ein fleire år lang undersøking erklærte Verdas naturvernunion, IUCN, offisielt arten som utdøydd i naturen i 2019. Ein har sett eit ukjent tal av individ ut i naturen ved to høve etter 2022.

Fuglen er ein mellomstor papegøye som veg omtrent 300 gram, mindre enn dei fleste av dei store araene. Utsjånaden er ulike nyansar av blått, med eit gråblått hovud, lyseblå underside og levande blå overside. Hannar og hoer er nesten identiske i utsjånad; hoene er likevel litt mindre.

Arten levde i galleriskog med treslaget Tabebuia aurea ved elver i dreneringsområdet til São Francisco-elva. Området er i det tørre skogklimaet i caatinga i det indre nordaustlege Brasil. Han hadde eit svært avgrensa naturleg habitat på grunn av avhengnad av treslaget for hekking, beiting og rasting. Arten lever hovudsakleg av frø og nøtter frå Tabebuia aurea og ulike buskar i vortemjølkfamilien, den dominerande vegetasjonen til caatinga. På grunn av avskoging i det avgrensa utbreiingsområdet og spesialiserte habitat, blei fuglen sjeldan i naturen gjennom det 1900-talet. Arten var heller ikkje ein vanleg burfugl.

Brilleara er oppført i CITES-vedlegg I, som forbyr internasjonal handel unntak av legitime føremål innanfor bevarings-, vitskapleg eller pedagogisk arbeid. IUCN reknar brilleara som utdøydd i naturen. Han var sist observert i det nordaustlege Bahia, og observasjonar var svært sjeldne. Etter ein observasjon av ein hannfugl i år 2000, kom neste og siste observasjon i 2016.[1] Arten blir no halden oppe gjennom eit avlsprogram i fangenskap hos fleire bevaringsorganisasjonar under regi av den brasilianske regjeringa. Ein av desse organisasjonane, Association for the Conservation of Threatened Parrots (ACTP), flytta fuglar frå Tyskland til Brasil i 2020 som ein del av planen deira om å sleppe ut brillearaer i naturen. Det brasilianske Chico Mendes Institute for Biodiversity Conservation (ICMBio) gjennomfører eit prosjekt Ararinha-Azul med ein tilhøyrande plan for å innføre arten tilbake til naturen så snart tilstrekkeleg med hekkefuglar er avla og passande habitat er tilgjengelege.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Brilleara er den einaste kjende arten av slekta Cyanopsitta. Slektsnamnet er avleidd frå det gamalgreske kuanos som betyr «blå» og psittakos som betyr «papegøye».[2] Artsnamnet spixii er ei latinisert form av etternamnet «von Spix», av det Cyanopsitta spixii betyr «blå papegøye av Spix».[2] Slekta Cyanopsitta er ei av seks slekter av sentral- og søramerikanske araer i stammen Arini, som også inkluderer alle dei andre langhala neotropiske papegøyane. Stammen Arini saman med amazonpapegøyar og nærskylde papegøyar og nokre få andre slekter utgjer underfamilien Arinae av neotropiske papegøyar i familien Psittacidae av ekte papegøyar.[3]

Skildre[endre | endre wikiteksten]

Brilleara er lett å identifisere som den einaste vesle blå araen, og også av berr, grå ansiktshud på kinna og rundt auga. Han er omtrent 56 cm lang inkludert halen på 26–38 cm. Han har ei venglengd på 24,7–30,0 cm. Vaksne hannar og hoer er identiske, likevel er gjennomsnittsvekta til hannar i fangenskap omtrent 318 gram og hoer i fangenskap gjennomsnittleg omtrent 288 gram. Fjørdrakta er gråblå på hovudet, bleikblå på undersida og klårt blå på oversida, vengene og halen. Beina og føtene er brunsvarte. Hos vaksne er den nakne ansiktshuda grå, nebbet er heilt mørkegrått, og irisane er gule. Juvenile liknar på vaksne, men dei har bleik grå naken ansiktshud, brun iris og ei kvit stripe langs oversida av nebbet, culmen.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spix's Macaw, Star of "Rio," Spotted in the Wild for the First Time in 15 Years». smithsonianmag.com. Henta 4. februar 2024. 
  2. 2,0 2,1 Jobling, James A. (2012). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. ISBN 978-1-4081-2501-4. Arkivert frå originalen 29 October 2013. 
  3. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 4. februar 2024. 
  4. Forshaw, Joseph M. (2006). Parrots of the World; an Identification Guide. Illustrated by Frank Knight. Princeton University Press. ISBN 0-691-09251-6.  plate 70.
  5. BirdLife International (2024) Species factsheet: Cyanopsitta spixii. Henta frå https://datazone.birdlife.org/species/factsheet/spixs-macaw-cyanopsitta-spixii den 4. februar 2024.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brilleara